nyhende

Statsminister Jonas Gahr Støre (i midten) saman med Bjørn Arild Gram (t.v.) som er ny forsvarsminister, medan Sigbjørn Gjelsvik (t.h.) blir ny kommunalminister.Foto: Lise Åserud / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre (i midten) saman med Bjørn Arild Gram (t.v.) som er ny forsvarsminister, medan Sigbjørn Gjelsvik (t.h.) blir ny kommunalminister.

Presenterte dei nye ministrane

Bjørn Arild Gram (Sp) er utnemnd til ny forsvarsminister etter Odd Roger Enoksen, medan partifellen Sigbjørn Gjelsvik er ny kommunal- og distriktsminister.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Etter eit kort ekstraordinært statsråd på Slottet kom Gram og Gjelsvik gåande ut på Slottsplassen saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Midt i påskeferien hadde mange møtt fram på Slottsplassen – nokre av dei turistar, andre klare til å ta imot dei utnemnde, som vinka til dei frammøtte og fekk blomstrar før dei forlét staden.

Odd Roger Enoksen (Sp) gjekk av som forsvarsminister etter at det i helga vart avslørt at han har hatt eit forhold til ei kvinne i slutten av tenåra då han sjølv var rundt 50 år.

Rokade

Enoksen blir altså erstatta av partifellen Gram, som sidan i haust har vore kommunal- og distriktsminister. Gram har bakgrunn som ordførar i Steinkjer, styreleiar i KS, vararepresentant til Stortinget og statssekretær i Finansdepartementet.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) fyller plassen som kommunal- og distriktsminister etter Gram. Han har inntil no vore finanspolitisk talsperson for Senterpartiet.

Støre fornøgd

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa måndag kveld til NTB at regjeringa hadde komme fram til ei god løysing etter at Enoksen varsla at han går av.

– Eg kan seie at vi har komme fram til ei svært god løysing som eg er tilfreds med, sa Støre.

Han gav uttrykk for at det er viktig at statsministeren, forsvarsministeren og utanriksministeren er heilt samstemde når situasjonen i verda er så alvorleg som no.

Enoksen er den andre statsråden som går av etter at regjeringa tiltredde i fjor haust. I byrjinga av mars gjekk Hadia Tajik av som arbeids- og sosialminister etter avsløringar om pendlarbustadene hennar.

Tajik vart erstatta av Marte Mjøs Persen (Ap), som inntil då var olje- og energiminister, medan Terje Lien Aasland (Ap) tok over som olje- og energiminister.

Powered by Labrador CMS