nyhende

Potetferien hadde stordomstida si dei to tiåra etter andre verdskrigen. Her frå ein potetferie i 1968. Arkivfoto: NTB/ NP
Potetferien hadde stordomstida si dei to tiåra etter andre verdskrigen. Her frå ein potetferie i 1968.

Poteta gav oss haustferien

Det nærmar seg haustferien, og skulebarn over heile landet kan sjå fram til ei veke fri utan skulebøker og pensumlesing. Men slik har det ikkje alltid vore, denne ferien blei nemleg opphavleg innført for at ungane skulle hjelpe til med plukking av poteter.

Publisert Sist oppdatert

Poteta kan brukast til alt – også som grunnlag for ferie. Potetferien, eller haustferien som han no blir kalla, har eigentleg tradisjonar tilbake til tida rundt eller rett etter første verdskrigen. Likevel var det først etter andre verdskrigen at han fekk skikkeleg fotfeste.

– Potetferien hadde stordomstida si dei to tiåra etter okkupasjonen. Etter kvart vart manuelt arbeid i landbruket gradvis erstatta med maskiner. Parallelt med det blei òg potetferie til haustferie.

Det fortel historikar Trond Gram, som også har skrive boka «Potetlandet», som kom i fjor.

703.000 dagsverk

I avisene kjem dei tre første omtalane av potetferie mot slutten av 1800-talet. I avisarkivet til Nasjonalbiblioteket er det likevel tydeleg at det først i mellomkrigstida blir eit omgrep befolkninga hadde eit forhold til. Men det var ikkje berre poteta som gav grunnlag for å ta barn ut av skulen på den tida.

– Potetferie, skuronnferie, våronnferie, tyttebærferie og haustferie – alle desse omgrepa var vanlege på den tida, fortel Trond Gram.

I potetferien blei skuleelevar sende ut på åkrane for å hjelpe til.

Då som no var landbruket avhengig av så og hauste til bestemte tider på året. Sidan industrialiseringa av næringa på langt nær var kommen like langt som i dag måtte ein bruke den manuelle arbeidskrafta som var tilgjengeleg. Då andre verdskrigen braut ut vart behovet for å sikre nok mat viktigare enn på veldig lenge. Som eit ledd i matberedskapen vart det bestemt at skuleelvar òg måtte bidra med sitt.

– Krigen skapte eit større behov for arbeidskraft, også i potetåkeren. Dermed blei potetferie ein realitet og eit etablert omgrep mot slutten av krigen, seier Gram.

Arbeidet skuleelevane la ned i åkeren hadde stor betydning.

– Ifølgje utrekningar frå 1949 utgjorde arbeidsinnsatsen til barn under 15 år 703.000 dagsverk. Særleg var det jobben dei la ned knytt til potethaustinga, seier Gram.

Ulike tidspunkt

Det var jordstyre og skulestyre rundt omkring i landet som administrerte arbeidet med potetferiane.

– Tidspunktet for ferien blei fastsett etter behov, og bestemt av jord- og skulestyret lokalt. Det hadde liten hensikt å sende ungane ut på åkeren før potetene var klare for hausting. Om det var dårleg vêr hendte det at potetferien blei utsett. Det var ikkje noko poeng å ha ungane i åkeren med hendene i gjørma, fortel Gram.

Restane av det ser vi i dag i form av at elevar rundt i Noreg har ei veke haustferie på ulike tidspunkt. Poteta modnar før i sør enn i nord – og måtte difor haustast tidlegare.

I dag er det meir tilfeldig kva tid dei ulike fylka har denne ferien. I år har elevane i Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold, Agder, Nordland og Finnmark haustferie 29. september til 3. oktober. Medan elevane i Innlandet, Møre og Romsdal, Rogaland, Trøndelag, Vestfold, Telemark og Vestland har ferie 6. oktober til 10. oktober.

Trond Gram er historikar og har mellom anna skrive bok om den norske potethistoria.

Ikkje kontroversielt

Ein skulle tru at det å beordre elevar til å leggje ned skulearbeidet for å jobbe i landbruket skapte kontroversar. Ifølgje Gram var det nokre reaksjonar, men det blei aldri nokon stor debatt.

– Det var ikkje alle som var fornøgde. Mellom anna var rektor i Trondheimsskulen lite begeistra for at potetferien gjekk utover omsynet til dei verkelege oppgåvene i skulen. Det var litt konflikt mellom behovet skulen hadde til å lære bort og behovet bøndene hadde for arbeidskraft.

I vår tid dukkar det frå tid til annan opp synspunkt og meiningar om den etter kvart veletablerte ferieveka. Seinast i fjor haust gjekk senterpartipolitikar Anja Ninasdotter Abusland ut og argumenterte for å avskaffe haustferien.

– Haustferien er utdatert og kjem frå ei tid vi ikkje er i. Tanken bak ferien var å hauste poteter, men slik er ikkje kvardagen i dag, sa ho til VG og fleire andre medium.

Truleg er det ikkje veldig mange skuleelevar som skal nytte ferieveka i potetåkeren i år. Men i alle høve lever haustferien vidare – til så lenge.

Powered by Labrador CMS