Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Postopnar Kristine Anfinsen: Ho var alltid på sin post
I 1892 kjøpte sersjant Torkel Andreas Tønnesen Kinn eit lite, men fint jordstykke på Sveio. Stykket var ein husmannsplass som heitte Svinatræ, og Jo Træ var den siste husmannen som budde der.
Torkel Kinn døypte bruket sitt til Heimdal, men på folkemunne kom det alltid til å heita Træ. I 1894 bygde Torkel Kinn våningshus på Heimdal. Det er det same huset som står der no, berre med den forandring at det vart bygd eit tilbygg til huset, kring 1950. Tilbygget fungerte som postkontor. Huset som Torkel Kinn bygde har elles si eiga historie.
Gullfeberen som hadde rast i eit halvt sneis år på Hovda i Sveio, hadde no rast ifrå seg. Drifta var nedlagt, for gull kan og, som kjent, kjøpast for dyrt. Og dei driftsmidlane frå anlegget som kunne omgjerast i pengar, vart seld ut. I Buavåg låg steinknuseriet og gullvaskeriet. Dette hadde vore drive med vasskraft frå eit vassmagasin mellom Hovda og Buavåg, og herfrå gjekk det eit langt slåk av tømmer ned til Buavåg. Dette slåket kjøpte Torkel Kinn, og fekk det transportert til Sveio. Og det seiest at det var så mykje materialar i det at Torkel fekk meir enn nok til huset sitt, og kunne til og med selja noko til ein nabo, sjølv om huset, etter dåtidas målestokk, var eit stort og romsleg hus. Året etter bygde Torkel løa, og stykket sitt, som er 8-10 mål, rydda han sjølv. Heimdal er ein fin-fin plass, på bredden av Vigdarvatnet i nord.
Torkel Kinn hadde elles god grunn til å byggja huset sitt litt romsleg. For det fyrste budde han og familien trongt og ubekvemt på søre lemen i klokkargarden i Sveio. For det andre var han frå 1. juli 1887 tilsett som postopnar, den første ved Sveens Postaabneri, og dette postopneriet hadde han og på søre lemen i klokkargarden.
Tidlegare låg Sveen Postaapneri på garden Førde i Sveens Præstegjeld. Postsjefen i Haugesund skreiv i Haugesunds Avs i 1978 ein interessant historikk om mellom anna Sveen Postaabneri, og eg siterer noko av denne artikkelen: «I en melding fra Den Kongelige Norske Regjerings Marine- og Postdepartement i 1871 blir det blant anna kunngjort at «Sveen Postaabneri på Gaarden Førde i Sveens Præstegjeld, Søndhordlands Fogderi, Søndre Bergenhus Amt» ble opprettet der fra 1. juli 1871. I en melding fra 1887 skal benevnes Førde i Søndhordland. Fra 1. oktober 1921 ble dette endret til Førde i Sunnhordland, og fra 1. august 1930 har navnet vært Førde i Hordaland. Samtidig som forannevnte navneendring første gang fant sted, nemlig 1. juli 1887 ble det imidlertid opprettet et nytt poståpneri med navnet Sveen. Dette nye poståpneriet med navnet Sveen. Dette nye poståpneriet ble fra 1. januar 1916 kalt Sveio postopneri.» Sitat slutt.
Torkel Kinn, far til Kristine Anfinsen, starta opp som postopnar i Sveio med ei årsløn på 32 kroner. I 1899 var årsløna komen opp i 180 kroner, men Torkel fekk ikkje så lenge glede av denne «store» løna, for i 1900 vart han sjuk og døydde. Postopnar var han at altså berre i 13 år, men han fekk oppleva å verta riktelefonstasjonshaldar i sine to siste leveår, for den kom til Sveio 6. desember 1898. Frå 1. mai 1900 vart kona til Torkel, Margrete, tilsett som postopnar og stasjonshaldar, men heller ikkje ho fekk so mange leveår. I 1908 døydde ho frå sine fem born, litt eldre enn Torkel vart, men likevel berre 49 år gamal.
Lars som var eldst i barneflokken var no 19 år, og Kristine var vorten 17 år. Lars vart tilsett som postopnar frå 1908. Det må ha vore ein ungdom med pågangsmot, for han starta forretning i kjellaren i Træ. Næringsgrunnlaget for ei krambu på Sveio då måtte vera spinkelt, for det var to andre krambuer frå før; Ole Hansen dreiv krambu og bakeri, og på Åse hadde Nils Åse etablert seg. Men Lars tenkte vel som so at kjem ikkje kundane til meg, så skal eg koma til dei.
Motorane var oppfunne og tekne i bruk. Lars kjøpte seg ein motorbåt, bad til dugnad og fekk den dregen opp i Vigdarvatnet over Fjon, og sette i gang med vareruta til gardane langs Vigdarvatnet. Det er ikkje utruleg at denne handelen hadde mykje for seg. Det budde mykje folk langs Vigdarvatnet då, og motorbåten til Lars var umåteleg populær når den kom tøffande inn i stranda med kaffi, smør og brød. Men det såg ut for at ingen av dei som styrte med post og telefon på Sveio hadde rett til å leva lenge. For i 1911 døydde også Lars Kinn, berre 22 år gamal. Då var han gift med Stina Haukås, og ho vart enkje då berre 17 år gamal.
Men Sveen Postaabneri måtte ha sin postopnar sjølv om Torkel, Margrete og Lars Kinn var døde. Og frå 1. mars 1911 vart Kristine Anfinsen tilsett. Og ho fekk leva, og oppleva mangt og mykje i 41 år som postopnar ved Sveio postopneri.
I det gamle skulehuset på Sveio, klokkargarden, såg Kristine dagens ljos for fyrste gong den 24. janaur 1891, og sine fyrste barneår levde ho her. Ho var nummer to i ein syskinflokk på fem. I 1894 hadde far hennar, Torkel Kinn, fått huset ferdig, og familien flytta til Heimdal eller Træ, – alt etter som ein vil.
Den 24. januar 1979 feira Kristine Anfindsen 88-års dagen med pomp og prakt på Sveio aldersheim – eit steinkast frå det huset ho kom til verda i. Og om ho ikkje lenger er so ung av år, så er ho frisk og rørig som ein ungdom, – så spenstig som om ho ikkje hadde gjort eit dagsverk i heile sitt liv. No er det elles lite truleg at nokon kan verta så rørig av eit dagdrivarliv.
Kristine Anfinsen, eller Kristine Kinn, som ho merkeleg nok var heitande i daglegtale, har eit langt livsverk å sjå attende på. I teneste for sin familie, og ikkje minst i teneste for dei mange bygdefolk som sokna til hennar postopneri, og som ho stod til teneste for, så å seia dag og natt.
Sjølv om Kristine var ung, berre 20 år, då ho vart tilsett som postopnar og stasjonshaldar i 1911, hadde ho alt fleire års røynsla i faget. Ho hadde hjelp mykje til med posten medan mora, Margrete, var postopnar, og då Lars var tilsett fall storparten av postarbeidet på henne, fordi Lars var oppteken med krambua og motorbåtruta si.
Kva betaling ho hadde til å byrja med kan ho ikkje hugsa, men når løna som postopnar var komen opp i 180 kroner i 1899, kunne den vel vera komen opp i det doble i 1911. Dessutan var no rikstelefonen installert i huset. Her var ingen telefonlinjer utbygde i bygda, telefonen var ein rikstelegram-telefon, og ein telestasjon. Og inngåande telegrammar måtte bringast vidare til adressaten. For det hadde stasjonen ei godtgjerdsla på 30 øre kilometeren på framvegen, men ikkje noko på tilbakevegen. Utbringinga av telegrammar kunne stasjonen, om den ville, leiga andre folk til. Men for at pengane skulle bli i familien gjekk dei helst sjølv med telegrammane, og her fekk Kristine Anfinsen seg ein første jobb i offentleg teneste, som småjenta.
Frå telefonen kom i 1898, og framover, gjekk Kristine med mange telegammar, ofte på dei mest uvørne tider på døgret. Det hende såleis fleire gonger at Kristine hadde vore ute i bygda med telegram før ho møtte opp på skulen om morgonen. Og like ofte hende det at ho gjekk nattestider, eller seint på kveld. Dei fleste telegrammar gjekk ho til Mølstrevåg med. For her dreiv Chr. Mathiesen med skipsrederi og steinbrot.
– Men var det ikkje nifst å gå den audslege, lange Paddevegn i mørkret?
Kristine kan sanna at det kunne vera det. Det var ei tid då folk trudde mykje på skrømt, og ho hadde høyrt mange skrømthistorier fortalt av folk den tid. På Paddevegen skulle det såleis vera plasser der det var «utrudt». Men ho vart aldri sikker på kor det var, og best som det var, så var ho forbi alt saman.
Elles så gleda ho seg alltid til å gå til Mølstrevåg med telegrammar. For når ho kom fram så diske fru Ulrikka Mathiesen opp med så mykje godt, og oftast fekk ho meir betaling for arbeidet sitt enn ho hadde krav på.
Jo, rikstelegramtelefonen var viktig, men det var posten som var den viktigaste. I mange år gjekk og kom posten med båt over Mølstrevåg. Det var skysskaffar Ole Olsen på Sveio som kjørte med posten og henta den. Seinare vart det ei endring på det. Då Smørsund postopneri vart oppretta i 1916 gjekk Helge Åse dertil etter posten, som kom med hesteskyss frå Haugesund. Då rutebilane kom for alvor i 1925 vart posten sendt med dei.
Det var berre to postdagar for veka då Kristine Anfinsen overtok som postopnar i 1911, og sjølvsagt var det visse klokkeslett då posten skulle vera open. Men romsleg som Kristine var i alt, så var ho det også i postenesta. Dei to dagane vart snart til seks dagars veka, opningstidene vart omtrent heile døgret. Ho skjemde folk godt ut med sitt gode hjartelag. Folk kom og gjekk på posten etter som det høvde dei, og ikkje etter korleis det høvde for Kristine Anfinsen. Av og til var det også dei som kom og bad om hjelp til å forma eit brev, når dei stod heilt fast, og Kristine sa ikkje nei til det heller.
Frå Sveio postopneri var det postombæring til bygdene innanfor, så langt som til Våga og Kvalvåg. I mange år var det Tobias Sveen som gjekk denne postruta eit par dagar i veka. Han vart avløyst av Helge Åse, som gjekk nokre få år. Seinare overtok rutebilane, og det vart dagleg post å få også der.
På garden Tveit var det likevel ikkej noko endring med postordninga før 1969, då det vart bilpostruta gjennom garden. Fram til denne tid hadde garden, som ligg fem kilometer frå Sveio postopneri berre skuleborna som postbod, gjennom alle år. Men det var ikkje så farleg, for det var Kristine Anfinsen, eller Kristine Kinn, som alle kalla henne, som var postopnar på Sveio.
For skuleborna på Tveit vart Kristine mest som ei mor, for dei mange årgangar av skuleborn som gjekk til Træ og henta posten når dei kom av skulen. Og det var ikkje berre posten dei fekk av Kristine. Dei fekk hjelp og ly så mange gonger. Veret var variabelt då som no, men utstyret til å møta eit uvêr i var nokså konstant for skuleborna. Det mest vanlege fottøyet var tresko, og utstyrt med regntøy for å møta ei byga, var ikkje nokon den gongen.
Hjå Kristine fekk dei koma inn på kjøken og sitja ved komfyren og varma seg. Ho tørka snøslapet or treskorne og tørka sokkane deira. Og var veret så ruskut at dei ikkje kunne ta ut på eiga hand, fekk dei ly hjå henne til det kom vaksne folk og hjelpte dei heim til Tveit. Skuleborna frå Tveit, som snart er like gamle som Kristine Anfinsen, minnest med glede den gilde postopnaren på Sveio postopneri.
Den 1. juli 1953 slutta Kristine Anfinsen av som postopnar på Sveio. Då hadde ho vore i postvesenet si teneste i 41 år. Sjølv reknar ho at ho var der i 43 år, fordi ho for det meste styrte med posten den tid bror hennar, Lars, var tilsett som postopnar. Stasjonshaldar for rikstelefonen var ho fram til 1919. Då overtok Ole Hansen Sveen telefonen, og det er i same huset den er i dag, men no syng den 60 år gamle telefonstasjonen på siste verset. Til hausten kjem automattelefonen, og stasjonen skal nedleggjast.
Kristine Anfinsen var ikkje berre postopnar. Ho var også kona og mor. Same året om ho vart tilsett som postopnar vart ho gift med Ludvik Anfinsen frå Sveio. Han var sjømann, og vart seinare vegvaktar. Men som mange av Kristine Anfinsen sine næraste, døydde han i ung alder, berre 46 år gmal. Då sat ho att med ein barneflokk på seks stykker, av desse var to mindreårige som gjekk på skulen.
Sorg har Kristien lota tolt i heile sitt liv: Faren og mora døydde i ung alder, broren Lars var berre 22 år då han døydde, og mannen vart berre 46 år. Og som om dette heller ikkje var nok døydde to av borna hennar ganske unge: Torhild i 1940, 22 år gamal, Kristian i 1946, også 22 år gamal. Og eldste barnet til Kristine, Berta Bårtvedt, var heller ikkje meir enn 54 år då ho døydde 1966.
Men det ser ut for at ingen ting har klart å ta knekken på denne kjente og kjære skikkelsen, tidlegare postopnar og rikstelefonhaldar i Sveio: Kristine Anfinsen. Eller Kristine Kinn, som var den daglege omtalen om henne. Eit langt og godt livsverk har denne staute kvinna bak seg. No bur ho på Sveio Alders- og sjukeheim og der likar ho seg godt.
– Her har me det som på eit hotell, og betjeningen veit å stella godt med oss her, seier Kristine Anfinsen då eg forlet henne.
Sigurd Tveit (1909-1997)