nyhende

Posten Bring tek til orde for ei ordning med personleg levering av post og info frå kommunen til dei over 75 år i høyringssvaret sitt til forslag om ny postlov. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Posten Bring tek til orde for ei ordning med personleg levering av post og info frå kommunen til dei over 75 år i høyringssvaret sitt til forslag om ny postlov.

Posten vil ha post i kassa éin dag i veka – og eige tilbod for eldre

Regjeringa vil ha post i postkassa berre éin dag i veka. Det får støtte hos Posten, som i tillegg foreslår ei eiga personleg brevlevering til eldre over 75 år.

Publisert Sist oppdatert

Posten Bring støttar delar av regjeringas forslag til ny postlov. Men i høyringssvaret sitt kjem selskapet også med ei tilråding og ei åtvaring.

– Vi er positive til ei reform av brevomberinga. Vi står no framfor ei veldig stor omstilling og det er svært viktig at vi gjennom den utviklar gode løysingar for å møte dagens og morgondagens samfunnsutfordringa, seier Petter-Børre Furberg, konsernsjef i Posten Bring, i ei pressemelding.

Posttilbod til eldre

Posten Bring vil ha ei såkalla dørterskelteneste for eldre menneske. Det inneber personleg overlevering av post og informasjonsskriv frå kommunen til dei over 75 år.

– Det skaper samfunnsverdi samtidig som det gir ein føreseieleg og styrkt totalberedskap i kvar ein krik og krok over heile landet, seier Furberg.

Samtidig åtvarar selskapet om å gripe inn i marknaden for kommersielle pakketenester og dermed svekkje konkurransen.

– Det er viktig at ei modernisert postlov ikkje unødvendig grip inn i marknader som i dag er velfungerande og prega av sterk konkurranse. Dette gjeld særleg kommersielle pakketenester.

Éin dag i veka

Færre brev og papiraviser, men mange fleire pakkar skal vere grunnen til at regjeringa vil ha ei ny postlov.

Denne postlova vil i så fall innebere at posten blir levert heim éin dag i veka – men dei som ønskjer hyppigare levering, skal likevel kunne velje det, ifølgje forslaget som vart sendt på høyring i november.

I dag blir brev levert heim i postkassa måndag, onsdag, fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den andre veka.

Powered by Labrador CMS