nyhende
Postbodet som verkeleg nyt pausane sine langs ruta i Sveio
Postbod Aud Strømmen har det ho sjølv kallar ein «naturrik» arbeidsveg. Sidan i haust har den ivrige hobbyfotografen delt raust av sine opplevingar på Facebookgruppa «Du vett du er fra Sveio når…». Dette har blitt svært godt motteke.
– Det heile starta i fjor haust. Det var så mykje fint å sjå langs postruta mi i Sveio, eg fekk lyst å dela litt av dette med andre, fortel Aud Strømmen som i jobbpausane har brukt mobilkamera flittig, for så å dela bileta på Facebook. For dette har ho fått mange gode tilbakemeldingar, både frå folk som bur i Sveio, og frå utflyttarar.
– Har du ein favorittplass?
– Det er så mange fine plassar i Sveio, så det er vanskeleg. Men skal eg trekkja fram eit par spesielle, må det bli Vassli om hausten med sine fantastiske fargerike tre, og Fjon med si flotte elv, seier Strømmen.
Frå Eltravåg
Aud er oppvaksen i Eltravåg, og har budd i Sveio nesten heile sitt liv. Frå 1987 til 2009, då ho framleis budde i Sveio, leverte ho post i Haugesund sine gater. I dag bur ho i byen og leverer post i Sveio. Litt «motstraums» kanskje, men Strømmen forsikrar at det fungerer kjempebra, og ho stortrives i jobben.
Lang postrute
Den dagen Vestavind snakka med Strømmen hadde ho lagt bak seg 160 kilometer landeveg, noko som tilsvarar ein heilt «normal» arbeidsdag. Ruta startar i Førde, nord til Valevåg og Tittelsnes, på tilbaketuren ut til Straumøy og Liereid, deretter til Håvardsholm og Staupe, tilbake igjen til Førde. Etter ein svipp oppom Solheimslio går turen langs Ålfjorden, der ruta sluttar på Våga. Kontoradressa for posttilsette Aud Strømmen er på Raglamyr.