nyhende
Positivt overraska etter kontroll
Utrykkingspolitiet heldt kontroll torsdag ettermiddag på Haukås.
— Me hadde trafikkontroll på Haukås frå om lag 12.10 til 14.10, seier Idar Helland, betjent i Utrykkingspolitiet.
I løpet av dei to timane vart fem sjåførar stoppa grunna høg fart.
— Fem fekk forenkla førelegg. Det høgaste målt var 109 kilometer i timen i 80-sona, seier Helland.
Men, det mest oppsiktsvekkande var kva som ikkje hende.
— Utruleg nok i dag var det ingen lot vera å stansa på stopp-skiltet, seier Helland.
Når Utrykkingspolitiet held kontroll ved Haukås er det ofte ved stopp-skiltet at fleire vert tekne.
UP-patruljen var nøgd med at alle fulgte reglane og stoppa.
— Merkar du finvêret på køyringa?
— Det merkar me ja. Farten går litt opp. Dei som verkeleg grisekøyrar er tilbøyeleg til å køyra ekstra fort, men dette er meir ein generell hending enn spesifikt for dagens kontroll, seier Helland.