nyhende

Porselensbørsen – kva er hot or not?

På Facebook og Istagram er det over 100.000 som er med i ulike grupper som spekulerer i verdiar og finansielle trendar. Det er ikkje aksjar og verdipapir dei spekulerer i – men bestemor sitt gamle dekkjetøy. Gjennom dei mange nettgruppene kan du no lett få taksert innhaldet i skapet ditt.

Publisert Sist oppdatert

Litt historie

Figgjo (tidlegare Figgjo Fajanse) vart etablert i 1941 av Harald Lima og Sigurd Figved i dåverande Høyland herad i noverande Sandnes kommune.

I den første tida var bedrifta ein mindre keramikkfabrikk der ein brukte lokal leirar til produksjonen. Ein produserte i desse åra hushaldsartiklar i ein oppmjukna funksjonalistisk stil der gjenstandane vart glaserte i milde fargar.

I 1965 kom Porsgrunds Porselænsfabrik (PP) med ein framstøyt der ein ønskte å fusjonere med Figgjo. Bedrifta valde å seie nei til tilbodet, og halvtanna år seinare fusjonerte PP med Egersund Fayancefabrik.

I redsel for PPs stadig meir dominerande posisjon på den norske marknaden valde Figgjo og Stavangerflint å fusjonere i 1968. I 1979 vart verksemda ved Stavangerflint nedlagd og all produksjon flytta til Figgjo.

Det ligg i skrivande stund over 8.000 gjenstandar frå Figgjo ute på Finn.no

Keramikk, porselen og steintøy har lenge vore ynda samleobjekt og trendane har heile tida svinga. Medan du tidlegare måtte du ha tilgang på bruktbutikkar og marknader, har nettet no opna for at alle kan vere med på leiken. Det knitrar i bobleplasten rundt i heimane og posten og andre fraktselskap har gode tider. Mange legg ut bilete av at dei har komplett servise i mange ulike seriar – men dei held likevel fram med å samle og jakte på nye godbitar.

Figgjofruene

Figgjofruene er ei av dei mange gruppene du kan bli medlem av, ho har 23.000 medlemmer, og det var Solveig Heimdal Hansen som starta opp gruppa for 12 år sidan.

– Eg elskar servisa frå Figgjo og har vore ivrig samlar i fleire år. Det heile byrja då eg gjekk glipp av eit servise i eit arveoppgjer, og då bestemde eg meg for å byrje å samle på «Marie». Sidan har det vorte til eit komplett servise som eg er veldig glad i og som eg knyter mange gode minne til, seier Hansen. Ho veit det meste om kva som er verdien på steingodset og prøver etter beste evne å svare og gi råd i gruppa.

– Nokre blir overraska over kor mykje dei ulike objekta er verd, medan andre kan bli skuffa. Det kjem sjølvsagt an på kor god stand det er i. Er det krakkeleringar søkk verdien kraftig og er det skar så er det praktisk talt null verd. Det kjem også veldig an på trendane som rår og dei kan skifte fort, seier ho.

Serviset «Glory» er sjeldan å få tak i og er populært blant samlarar.

– Alle likar å sitje på «gull»

Serviset som Heimdal Hansen samlar på kjem i gul, grøn og blå farge og er fint utført med gulldekor. Samlaren opplevde for nokre år sidan at akkurat hennar servise var gull verd.

– Men på kort tid sokk serviset i verdi og no ville eg berre ha fått halve prisen i forhold til det eg ville ha fått for nokre år sidan. Eigentleg bryr eg meg ikkje så mykje om det, for eg er glad i serviset mitt og har ikkje tenkt å selje det uansett. Likevel er det spennande å følgje med på prisane og alle likar jo å sitje på «gull» og vite at dei har gjort eit godt kjøp, seier samlaren.

«Brunette» på veg opp

Figgjoentusiasten meiner det er vanskeleg å spå kva som er på veg til å bli populært og kva som dalar i verdi, men følgjer med i ulike grupper for å orientere seg.

– Servise som «Anne Marie» og «Clupea» har vore populære lenge og dei kan du få opptil fleire tusen for enkelte av dei mest sjeldne delane. «Torskefiske» og «Folklore» er også jamt over veldig populære. Men det som forundrar meg mest akkurat no er eit brunt og ganske kjedeleg servise som heiter «Brunette». Dette er eit servise som dei unge er byrja å interessere seg for, så dette er noko som har potensial til å stige endå meir i verdi.

Serviset «Brunette» designa av Kåre B. Fjeldsaa for Stavangerflint er i ferd med å bli populært igjen.

Eksplosiv interesse

Ein som gler seg over den aukande interessa for norsk porselen er designskribent og forfattar, Mats Linder.

– Det er heilt fantastisk med alle desse gruppene. Eg likar at folk har fått interesse for eldre norsk design og kunsthandverk. Folk har mangla kunnskap, men no har internett gjort at folk kring heile landet har lært seg historia bak kvar minste kopp og tallerken. No går det metervis med bobleplast og fleire lastebilar med norsk kunsthandverk Noreg rundt. Folk har fått ein heilt annan moglegheit til å komplimentere servisa sine og få kjøpt akkurat den saltbøssa dei manglar, seier Linder.

Retro og antikvitetar

Forfattaren har følgt marknaden tett dei siste åra og har merka seg at Figgjo og Stavangerflint har gått forbi Porsgrund Porselen og Egersund Fayance i popularitet.

– For 10 år sidan gjekk folk bananas over Egersund Fayance og kunne betale 4.000 kroner for noko som i dag berre går for ein tidel av prisen. Figgjo og Stavangerflint er retro medan Porsgrund og Egersund er antikvitetar. Dei siste åra er det retro som har vore det absolutt mest populære.

Har du dette serviset, «Anne Marie» frå Figgjo i skapet ditt sit du på ganske store verdiar. Eit komplett servise med feilfrie delar må du betale ganske mange tusen for.

Til Australia og England

Mykje av produksjonen frå Stavangerflint og Figgjo blei eksportert til England og Australia. Det er derfor ikkje uvanleg å sjå internasjonal aktivitet spesielt på Instagram.

– Eg trur ikkje alle er klar over kor stor produksjonen av porselen var i Noreg etter krigen og kor anerkjend mykje av den var. Derfor et dette no blitt samleobjekt verda over, seier Linder.

Spesielt trekkjer han fram produksjonen til Nora Gulbrandsen for Porsgrund.

– Her er det snakk om design av internasjonal klasse. Ein vase i god stand kan fort gå for over 10 000 kroner. Dette er eit døme på at det ikkje berre er Stavangerflint og Figgjo som er populært, men Gulbrandsen var i ein særklasse og var veldig viktig for Porsgrund Porselen, seier han.

To typar samlarar

Også initiativtakaren til Figgjofruene har fått merke at designet til Gulbrandsen er populært. For kort tid sidan selde ho ei skål av designstjerna for 4000 kroner.

– Av og til må til og med eg kvitte meg med ting, og då var det gledeleg at eg kunne få gjere ein god handel. Det er det som er det fine med dagens marknad, det er fort gjort å orientere seg om du sit på store verdiar, og lett å få selt ting dersom du legg det ut i dei forskjellige salsgruppene. Eg anbefaler folk om å ikkje gå ut med ein for høg verdi for då vekkjer du samlarane.

Heimdal Hansen kan elles fortelje at det grovt sett er to typar samlarar der ute.

– Det er dei som samlar for å ha det på utstilling og lèt vere å bruke det slik at det skal halde seg i verdi og så har du dei som samlar for å bruke serviset i kvardagen. Sjølv er eg av den siste sorten som likar å bruke serviset mitt og vaskar det i maskin på svak varme, seier entusiasten.

Powered by Labrador CMS