nyhende
Populært tilbod tilbake: — Det har som regel vore fullt og vel så det.
Kursing i fallførebyggande tiltak har vore populært i Sveio kommune. Etter ein pandemi-pause dreg fysio- og ergoterapitenesta i gang ein ny runde.
— Det har vore veldig populært tidlegare, det har som regel vore fullt – og vel så det, fortel ergoterapeut Beate Sydnes Ekrheim i Sveio kommune.
Kurset er for dei over 65 år. Det er gratis, og er basert på samlingar tysdagar og torsdagar i 6 veker. Oppstart er 21. februar og påmeldingsfristen er sett til 7. februar.
— Det er fokus på trening, i høve til styrke og balanse, litt om kosthald og om tiltak ein kan gjere heime for å førebygge fall, fortel ho til Vestavind.
For å delta må du kome deg på trening på eiga hand, og ikkje vere avhengig av ganghjelpemiddel innandørs, opplyser kommunen på si nettside.
Annonse
Du kan melde deg på ved å ta kontakt på fysio- og ergoterapitenesta i Sveio kommune.