nyhende
Populære forundringsposar frå bakeriet
29. september var det Den internasjonale dagen mot matsvinn, attpåtil ein FN-dag. På Haugli Bakeri blir det redda mat kvar dag.
Heime har det blitt populært å redda brune bananar, nytta slappe grønsakar til siste kvast laga restemiddagar og i det heile eta opp maten – og forlenga livet til råvarane.
Næringslivet bidrar også til at mat ikkje blir kasta. Svinn betyr tapt forteneste, men gjennom det internasjonale selskapet Too Good To Go kan god restemat bli seld til ein rimeleg pris. Tenesta er for butikkar og etestadar i heile landet, i Sveio er Haugli Bakeri den einaste aktøren som nyttar seg av dette konseptet, og det har dei gjort i rundt fire år.
Ryk ut dagen før
– Too Good To Go er kjempepopulært, som regel blir dei utselde i 17-tida dagen før. Me er flinke til å berekna, og svinn ønskjer me jo ikkje å ha, men me sel minst to posar kvar dag. Av og til hender det at me må avlysa kjøpet av posane fordi me ikkje har nok varer til overs, forklarar Sølvi Vesterheim på Haugli Sveio. I slike tilfelle vil kjøparen få beskjed om dette på mobilen, og pengane vil bli refundert.
Leiaren av bakeriutsalet synest at løysinga er eit bra alternativ til å kasta mat, men det å ikkje sitja igjen med overskotsmat er sjølvsagt det beste for butikken.
Varierande innhald
Posane som Vesterheim sel for ein 50-lapp kan innehalda kaker, rundstykker, søtbakst og gjerne ei pizzabolle som er til overs når dørane stengjer – det varierer frå dag til dag.
Ein kan bestilla seg ein forundringspose frå mobilen, den må hentast når butikken stenger. Det er som nemnt berre to posar, og dei er det rift om. Dei blir lagt ut for sal i appen til Too Good to Go dagen før, og er som regel solgt på nokre få sekund.
Det er mykje nytt i disken på Haugli om dagen fortel Vesterheim, og ramsar opp knekkebrød, donuts, sunnare havrebollar og eit spesielt brød som berre er å få kjøpt om laurdagen.
– Håpar folk har lyst til å prøva, seier ho med eit smil.