nyhende
Pollensesongen nærmar seg med stormskritt: – Start med medisinar no
Sjølv om det er lite som minner om vår mange stader, er pollensesongen rett rundt hjørnet. Allergikarar bør derfor starte medisineringa no.
Det er rådet frå Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF). Allereie om 1-2 veker er det venta at pollensesongen vil starte opp på Vestlandet med spreiing av or- og hasselpollen.
– Allergikarar bør følgje godt med på pollenvarslinga den kommande tida, seier Hallvard Ramfjord, som er seniorforskar på pollen hos NAAF.
Allergimedisinar verkar førebyggjande, og derfor bør ein starte medisineringa no for å få optimal effekt.
Tradisjonelt startar sesongen tidlegast på Vest- og Austlandet, men allergikarar på Austlandet kan truleg puste utan strev den neste tida.
Annonse
– Så lenge det er blå tal på vêrvarselet kan ein ta det med ro, forklarer Ramfjord til NTB.