Under ein promillekontroll tysdag morgon, stilte politiet seg opp på begge sider av midtrabatten i tunnelen på fylkesveg 47 ved bensinstasjonen ved Cirkle K, heilt nord i Haugesund.
Slik fekk dei mellom anna sjekka alle førarar som var på veg til og frå Haugesund og Sveio.
Resultatet var oppløftande. Ingen av dei 214 kontrollerte førarane som blåste i alkometeret fekk utslag som oversteig promillegrensa.
Kontrollen varte frå klokka 7 til i 9-tida.