nyhende
Det er ikkje lov for fotgjengarar å ta seg inn i Bølmlafjordtunnelen. Det brydde ikkje ei ung kvinne seg om onsdag morgon.
FOTO: Irene Flatnes Haldin
Politiet stansa dristig spasertur
Ei ung kvinne la fredag morgon ut på ein høgst uvanleg spasertur, i Bømlafjordtunnelen. Ho kom nesten ein halv kilometer avgarde før politiet avslutta turen hennar.
Ifølge
Haugesunds Avis vart politiet sendt til staden etter at dei fekk melding om at kvinna, som er tidleg i 20-åra, vart observert i tunnelen.
Då politiet nådde kvinne hadde ho gått mellom 400 og 500 meter inn i den 7,8 kilomterer lange tunnelen. Ho gjekk inn frå Stord-sida.
Det er forbudt for fotgjengarar å ta seg inn i tunnelen.
— Ho er kjent av politiet frå tidlegare, og blir anmeldt for å ha gått i tunnelen, seier vaktsjef Gunnar Sander til avisa.
Tunnelen var stengt ein halvtime som følgje av kvinna sin spasertur.

Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.