nyhende

Haugesund politistasjon.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Haugesund politistasjon.

Politiet i sørvest åtvarar mot frekk svindel-metode

Fakturasvindel brer om seg i regionen. No åtvarar Sør-Vest politidistrikt verksemder om å vere obs på slike bedrageri.

Publisert Sist oppdatert

— Det er snakk om faktiske fakturaar som skal betalast, men kor betalingsinformasjonen blir endra på ein allereie utskrive faktura, slik at pengane hamnar i feil hender, fortel Sture Smit, leiar ved seksjon for økonomiske kriminalitet i ei pressemelding.

Han presiserer viktigheita av å følgje med på om det kjem endringar på betalingsinformasjonen.

— Må ringe ei bjølle

— Då må det ringe ei bjølle, og ein må verifisere dette med ein telefonsamtale til avsendar, seier han.

Sakene som er meldt til Sør-Vest politidistrikt åleine handlar beløp for totalt cirka 20 millionar kroner.

— Dialogen mellom gjerningspersonar og verksemder har gått føre seg på epost. Dette er vanskelege saker å etterforske, og beløpa kan fort gå tapt om det ikkje blir handla raskt, seier Smith.

Han understrekar viktigheita av å varsle både banken og politiet så kjapt som mogeleg.

— Det er avgjerande, seier han.

Russland og Kina

Nokre overføringar har politiet klart å stanse.

— Men mykje er allereie overført til banker i til dømes Russland og Kina. Då blir jobben mykje vanskelegare, seier Smith.

Politiet er tidleg i etterforskinga, og kan av den grunn ikkje seie så mykje om kvar enkelt sak.

— No håpar eg først og fremst at me kan førebygge liknande saker, ved å fortelje om desse metodane, seier han.

Powered by Labrador CMS