nyhende
Politiet etterforskar årsaka til sprengingsuhellet på Ekrene
Ti månader etter sprengingsuhellet på Ekrene i fjor haust er årsakssamanhengen framleis ukjend.
I oktober i fjor dreiv entreprenørselskapet Vassbakk og Stol med sprengingsarbeid på Ekrene, men arbeidet gjekk ikkje etter planen.
Ifølgje Haugesunds avis etterforskar politiet framleis forklaringa på det som enda i eit stort sprengingsuhell. Det skal ha hagla store steinar utover næringsrområdet, noko som i neste rekkje påførte bygningar og bilar vesentleg skade.
– Politiet har oppretta sak for å etterforska mogleg brot på brann- og eksplosjonslova. Saka er framleis under etterforsking, og politiet søkjer å finna svar på om det har skjedd noko straffskuldig i samband med sprengingsarbeidet, skreiv påtaleansvarleg Tanja Isberg i Sør-Vest politidistrikt til Haugesunds Avis.
Har nokre teoriar
Vassbakk og Stol fortel at dei avventar endeleg resultat på undersøkingane til politiet, men har likevel prøvd å avdekkja moglege forklaringar på ulukka: val av sprengstoff, avvik i vinkelen på boreholet eller eventuell manglande dekking av sprengingsområdet.
– Det var ei svært alvorleg sak. Når det er så alvorleg at det kan verta fatalt for folk, granskar me hendinga. Dette gjer me for å finna årsakssamanhengar og for å læra av det. Me har ein nullfilosofi og skal ikkje ha sprengingsuhell, seier administrerande direktør Inge Jan Thorsen til Haugesunds avis.