nyhende
Politiet: Den omkomne i Valevåg er ein mann i 20-åra
Mannen som omkom i arbeidsulykka i Valevåg er i 20-åra.
Det opplyser Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag ettermiddag.
Det var klokka 13.31 onsdag at politiet fekk melding via AMK-sentralen om eit steinras ved Valevåg.
I 20-åra
Nødetatane rykte ut til staden med store ressursar, og det vart raskt konstatert at ein person var tatt av raset.
Arbeideren vart frigjort av redningsmannskapa, men livet sto diverre ikkje til å redde.
— Mannen, som er i 20-åra, vart erklært død på staden like etter, seier Sjur Stava, politifagleg etterforskningsleiar ved Nordsjø- og miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.
Politiet er i gang med innleiande undersøkingar.
Vil avhøyre fleire
— Vi tok vitneavhøyr på staden, og vil også gjennomføre fleire vitneavhør. Det er også føretatt kriminaltekniske undersøkingar på stadem, seier Stava.
Arbeidstilsynet er kopla på saken, og politiet samarbeidar med dei i den vidare etterforskninga.
— Det er for tidleg å konkludere med kva som var årsaka til ulykka, seier etterforskingsleiaren.
Politiet jobbar med å få på plass bistandsadvokat i saken.