nyhende
Politiet: Bil frontkolliderte nesten med UP etter stygg forbikøyring
Det kunne ifølgje Sør-Vest politidistrikt ha gått veldig gale då ein 19 år gammal mann føretok ei stygg forbikøyring i ei 80-sone ved Førde i Sveio natt til torsdag.
Det kunne ifølgje Sør-Vest politidistrikt ha gått veldig gale då ein 19 år gammal mann føretok ei stygg forbikøyring i ei 80-sone ved Førde i Sveio natt til torsdag.
— Ein patrulje frå Utrykkingspolitiet var nær ved å få bilen i fronten, skriv politiet i ei melding på Twitter.
Høg fart
Mannen vart målt til 104 kilometer i timen. Som 19-åring har du framleis førarkort i prøvetid, noko som gir dobbelt så mange prikkar enn for andre om du er skuld i brot på trafikklova.
Annonse
For hendinga natt til torsdag fekk han til saman 12 prikkar.
Førarkortet ryk ved åtte prikkar eller meir.
Stordabu
Operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt opplyser til Vestavind torsdag morgon at den aktuelle 19-åringen er heimehøyrande på Stord.