nyhende

Politi
Politiet var på staden, der det etter kvart danna seg køar på begge sider av semitraileren.

Politiet besøkte ungdomsklubb

Fredag kveld drog politiet innom ein ungdomsklubb i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

— Me var innom ein ungdomsklubb på fredagskvelden i Sveio, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Der var dei nøgd med kva dei hadde sett under besøket.

— Alt var fint der når me var til stades, seier Løvereide.

Ho fortel at det også er ein del av politiet sine oppgåver, å vere synleg og ha eit nærvær blant folk.

Flemming Lothe er ein av arrangørane for ungdomsklubben, og seier politiet var informert.

— Dei kom innom på kaffi, seier Lothe.

Han jobbar som ungdomskoordinator, og har ein dialog med politiet rundt slike kveldar.

— Eg informerer alltid politikontakten til Sveio før arrangement. Viss det passar tar politipatruljen ein tur innom, seier Lothe.

Powered by Labrador CMS