nyhende
Politiet åtvarar mot deling av bilete eller videoar i samband med valdtektssaka i Stavanger
Politiet har sikra seg fleire videoopptak frå telefonar som skal vise hendinga i Stavanger der tre gutar er sikta for valdtekt.
– Politiet vil i samband med dette på det sterkaste åtvare mot deling av bilete eller videoar frå hendinga. Slik deling er svært belastande for dei fornærma. Det er straffbart å dele slike bilete og videoar, og politiet tek dette på det største alvor. Vi ber dei som eventuelt har fått slikt innhald, om å varsle politiet om dette, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma.
Sikta for grov valdtekt
Videomaterialet politiet har sikra seg, er i samband med gjennomgang av beslaglagde telefonar. Politiet har også sikra opptak frå overvakingskamera som viser delar av hendingsgangen.
Det er totalt tre gutar i alderen 16 til 18 år som er sikta for grov valdtekt i Stavanger laurdag kveld. Valdtektene skal ifølgje politiet ha skjedd i ein skulegard. Alle gutane nektar straffskuld.
Politiet avhøyrde dei fornærma jentene, fleire vitne og dei sikta gutane i går.
– Eg ønskjer ikkje å gå nærare inn på kva desse har forklart i avhøyr, seier Soma.
To er lauslatne
Tysdag vart dei to yngste gutane lauslatne.
– Vi vurderer fortløpande om den eldste av gutane skal framstillast for varetektsfengsling, seier Soma.
Siktinga mot alle tre blir haldne oppe.