nyhende
Polar-Noreg er ikkje det det ein gong var
Noreg har ei lang og stolt historie som polarnasjon, men sidan 1990-talet har noko endra seg gradvis. Kampen mot naturkreftene har i større og større grad blitt kampen mot stoppeklokka.
Vi er på Frammuseet i Oslo: Sjølve monumentet over norsk polarkultur. Vi skal møte den einaste vitskapleg tilsette ved Norsk Polarinstitutt som ikkje er naturvitar – historikar Harald Dag Jølle.
Det er noko kvikt og vakent over Jølle.
– Er det deg eg skal møte, seier han nærmast i forbifarten før han i neste sekund er i gang med å snakke med billettøren om at vi skal ha gratis inngang.
Ut i felt
Jølle hastar innover i museet. Det er tydeleg at han har vore her før. Dette er faget hans. Når ein kjenner historia til Jølle er det raske ganglaget berre ei stadfesting av karakteren hans. Han er nemleg ikkje berre ein historikar – han er òg polarekspedisjonsmann.
– Eg har hatt ein idé som historikar at det beste er å reise ut i felt og å drive formidling, fortel han.
Med denne tilnærminga har Harald Dag Jølle fått moglegheita til mellom anna å følgje i spora til polarheltane gjennom Nordvestpassasjen, til nordspissen av Grønland og til Sørpolen. Desse ekspedisjonane og meir til kan vi no lese om i den nye boka hans «Ytterst i verden. På jakt etter en polarkultur.»
– Det er noko med kombinasjonen med å kunne delta på ekspedisjonar som går i fotspora til Amundsen og Nansen – og samstundes møte forskarar i felt. Når eg er ute prøver eg heile tida å ha med meg den historiske refleksjonen – kva er polarforsking i dag? spør forfattar Harald Dag Jølle retorisk.
Vi har sett oss for å prate under dekket på «Gjøa» – hardangerjakta som Roald Amundsen segla gjennom Nordvestpassasjen med i 1903–1906. Ho er ikkje spesielt prangande denne jakta – nesten litt skjør. Amundsen må verkeleg ha vore av eit spesielt kaliber, rekk eg å tenkje før Jølle fullfører tankerekkja mi:
– I Nordvestpassasjen opplevde vi ein temperatur som var heilt nådelaus kald. Det gir ein enorm respekt for det Amundsen og mennene hans gjorde og måten dei greidde å tilpasse seg.
Blitt idrett
I boka si prøver Jølle å gjere det tydeleg at polarekspedisjonane no er noko heilt anna enn bragdene på Amundsen og Nansen si tid.
– Ein del av polarformidlinga prøver å framstille moderne ekspedisjonar likt med dei gamle. Det vil aldri vere det same uansett – fordi vi ikkje kan fjerne det vi allereie veit. Vi veit kva som er der og kva som ikkje er der. Det gjorde ikkje dei. Sjølv om det framleis er kaldt og det bles like nådelaust, så er det meste anna forskjellig. Det er eit veldig viktig poeng, seier Jølle.
Han meiner det blei klare endringar i polarkulturen frå 1990-talet, både i forskinga og i referansane til dei moderne skiekspedisjonane.
– Då til dømes Erling Kagge, Børge Ousland og Geir Randby gjekk mot Nordpolen i 1990 trekte dei tydelege liner til Nansen og Amundsen. Men seinare har slike ekspedisjonar blitt ein kamp mot stoppeklokka. Det har vore fleire rekordforsøk på å nå vilkårlege punkt i Antarktis, til dømes. Det er heilt nye reglar og det er ei heilt openberr idrettifisering, seier forskar Jølle.
Sjølv har han ikkje noko ønskje om å vere med å sette rekordar når han er ute i felt. Det er formidlinga og forskinga som er drivaren.
– Eg meiner eit viktig poeng er å kombinere fascinasjonen for å reise på tur med formidling av historier frå områda vi er i. Eg ønskjer å vere ute og å skrive om dei som har vore der før meg.
Noreg og verda
Noreg har framleis ein spesiell posisjon i polarhistoria. Vi er til dømes det einaste landet i verda med landområde og territorialkrav både i Arktis og Antarktis. Likevel er noko endra.
– Vi er framleis ein polarnasjon, men innhaldet er annleis. Vi var leiande og var raske med å etablere ein polar logistikk som var heilt unik. Så blei det forspranget ete opp av teknologien. Det hjelpte ikkje så mykje å vere god til å køyre med hundeslede, når amerikanarane kom med beltebilar, helikopter og isbrytarar. Utviklinga har gjort at vi no er meir som dei andre, seier Jølle og reiser seg.
Vi klatrar opp på dekk. Vi trakkar der Roald Amundsen sjølv har sett beina sine. Så har kanskje polarnasjonen Noreg endra seg, men det historiske suset frå «Gjøa» minner oss om ei tid som ein gong var.