nyhende
Planteglade Maria har stor omsorg for det som spirer
Hagen til Maria Glenda Caballes Flåten er ein fryd for auga, her er det velstelt og frodig. Det er kanskje ikkje så rart at nokon av dei som skal til legekontoret køyrer sakte forbi.
Over eit brunmalt gjerde i Leirskarvegen nikkar gule og kraftige solsikker og helsar velkomen. På innsida er det rikt med plantar i mange ulike variantar, mykje i bed, og ein del i potter. Alt ser velstelt og livskraftig ut, sjølv om sesongen naturleg nok er over for nokre av vekstene.
Det er Maria Glenda Caballes Flåten og Tor Inge Flåten som har laga det så fint rundt huset – det vil seia at det er kona i huset som lar hobbyen visa igjen.
Mykje å ta hand om
Ho steller med hagen og plantene som om det er levande individ som bur der, og les mykje om korleis ein skal passa på dei.
– Vil ein ha hage, må ein jobba og ha ein god plan. Ein må passa på ugras, insekt, gjødsel, vatning og sjukdomar. Når plantene har blomst, er det betalinga, smiler den imøtekommande 45-åringen, som jobbar helg og ekstravakter på Sveio omsorgssenter.
Snakkar med dei
Frå sidelinja kjem det eit tips om at den hageglade førdebuen også småpratar med plantene, som å helsa på dei og spør om dei har det fint.
– Folk som jobbar i hagen forstår at dette er viktig. Andre tenker kanskje at det er litt gale, seier ho med eit smil.
Tipset om å prata med plantene, fekk ho då ho var sju år og gjekk på skulen.
Råd frå læraren
– Læraren min kom bort til meg og sa at ein må snakka med blomstene, for då ville dei bli glade.
Med læraren sine ord i tankane, tok ho ein dag med seg nokre kvister frå ein busk på skulen, og planta dei i ein makrellboks heime. Sjuåringen prata i veg. Mora lurte på kvifor ho snakka, og Maria fortalde kva læraren hadde sagt.
Spirer
Då det kom to grøne blad frå ein av kvistene, blei foreldra begeistra, og fastslo at dottera hadde grøne fingrar. I dag, nesten 40 år seinare, har bougainvillea-busken frå blikkboksen vakse seg stor og frodig. Den har overlevd både flytting og tyfonar.
Sjølv om verken ho eller den litt sjalu storesøstera kunne sjå at fingrane hennar var grøne, var plantegleda tend i vesle Maria, og interessa og kunnskapen har vakse seg stor.
Og enda meir var det å setja seg inn i då ho flytta frå Asia til Europa.
Frost og sniglar
– Dei første liljene mine tok frosten, minnest ho, og tok det som ein lærdom. Sniglane er også ein fiende, men dei har ho ikkje sett så mykje til i år. Det er fem år sidan Maria kom til Sveio, og det er ikkje berre det som veks i jorda ho likar å prata med.
– For å læra språket måtte eg vera sosial, seier Maria, som no har ein fin omgangskrets rundt seg.
Ho har tatt korona-smittevern på alvor, og har knapt blitt kjend med nye folk i tida pandemien har versert. Det har gitt ho mykje tid med plantene, og no når ho og dei rundt ho er fullvaksinerte, og resten av omverda likeeins, blir ho glad for besøk i hagen.
– Det gjer meg glad, seier ho.