nyhende

Fristen for å ta av piggdekka er forlenga ut april.
Fristen for å ta av piggdekka er forlenga ut april.

Piggdekka kan vera på ut april

Vegvesenet utset fristen til å ta av piggdekk ut april månad for heile landet

Bakgrunnen er koronapandemien.

– Me oppmodar likevel folk til skifta ut piggdekka så raskt som mogleg. Men ser mange praktiske utfordringar i desse koronatidene. Verkstadar og dekkhotell kan vera stengt eller har redusert kapasitet. I tillegg ønsker me ikkje å bidra til nødvendig reising, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Vegvesenet har vedtatt å gi unntak frå dei ordinære piggdekk-fristane. No er fristen til å skifta ut piggdekka sett ut april månad – og gjeld likt for både Sør- og Nord-Noreg.

Opphavleg skal piggdekka av innan første måndag etter 2. påskedag i Sør-Noreg, og innan 1. mai i Nord-Noreg. Vegvesenet gav tilsvarande korona-utsetjing i fjor vår. Dei svenske naboane våre har òg innført ei slik utsetjing.

– Dette har likevel vore ei vanskeleg vurdering. Det er uheldig å ha køyretøy med piggdekk på vegen lenger enn nødvendig. Kombinasjonen av piggdekk, tørre vegar, varmt vêr og god køyrefart gir mykje svevestøv. Vi ber om at dei som har moglegheit til å skifta så raskt som mogleg gjer det for å minska andre miljøulemper og ikkje vande så lenge som mogleg, seier Lutnæs.

Powered by Labrador CMS