nyhende

«Pia» er over oss med vindkast opp i orkan styrke

Uvêret har slått til med full styrke, og no blir det ruskete til i morgon tidleg. Ferjesambandet Langevåg–Buavåg er innstilt inntil vidare.

Publisert Sist oppdatert

Stormen kom fullt rundt 15.00-tida som meldt. Frå då og fram til i morgon tidleg kan me venta oss eit heftig uvêr medan stormsenteret flyttar seg mot Østersjøen.

Det er sendt ut oransje farevarsel om svært kraftige vindkast for Rogaland og vest i Agder med vindkast frå 33-42 m/s. Dei kraftigste vindkasta kjem langs kysten.

Opp mot 38 m/s i sørlege Hordaland

For sørlige delar av Hordaland, indre delar av Rogaland og delar av Agder er det venta vindkast på gult nivå. Det er likevel venta vindkast på 33-38 m/s. Orkan er 33 m/s.

Meteorologisk institutt melder at vinden vil minka litt i kveld rundt klokka 20.00, før den aukar på igjen ein times tid før midnatt.

Så her må ein halda på meir enn hatten, sikra lause gjenstandar, sikra båtar ekstra, festa julelys og ta omsyn dersom ein skal ut og gå eller køyra. Følg med på både vêrmeldingar og vêret utanfor stoveglaset.

Har du tips og bilder frå stormen, sende e-post til tips@vestavind-sveio.no, eller send melding via Facebook.

Ferja er innstilt

Stormen har allereie ført til innstilte ferjer, stengte bruer og kansellerte fly.

Klokka 09.58 meldte Fjord1 at ferjesambandet Langevåg–Buavåg er innstilt inntil vidare grunna dårleg vêr. Nokre timar seinare blei det meldt normal drift, men frå klokka 14.40 vart sambandet innstilt igjen.

Powered by Labrador CMS