nyhende
Person meld til politiet for mogleg blotting i nærleiken av Sveio skule
Ein ettermiddag etter påskeferien vart ein person ved kunstgrasbana i Sveio sentrum meld til politiet for mogleg blotting.
Dét opplyser Extraavisen, som var fyrst ute med saka.
Kunstgrasbana ligg like ved Sveio skule, og rektoren Lene Lier sende difor ut ei varsling på SMS til foreldra av elevane.
I SMS-en skreiv rektoren at mistenkte er meld til politiet, og at politiet tek hand om saka.
Vidare oppmoda ho foreldre om å følgja med og å varsla politiet dersom dei skulle få auga på noko mistenkjeleg.
Politiet er kjent med gjerningspersonen frå før av og opplyser at det ikkje plent dreiar seg om blotting i det heile.
— Me tek saka på alvor, men ho ser ut til å vera mindre alvorleg enn det me fyrst tenkte, seier politikontakt i Sveio kommune, Jostein Salemonsen.
Han legg til at politiet etterforskar hendinga og har god kontroll på kven den moglege gjerningspersonen kan vera.