nyhende
Permitterte kan sjølv søka om lønskompensasjon
I juli var arbeidsløysa med heilt og delvis ledige i Sunnhordland til saman 6,9 prosent av arbeidsstyrken. Det er 272 færre ledige enn i høve juni månad. I Vestland fylke er talet på permitterte redusert med 4.390 personar frå juni.
– Det er positivt å sjå at nedgangen i arbeidsløysa held fram. Nesten halvparten av dei ledige er permitterte. Det var den store bølga med permitteringar som i hovudsak sto for auken i arbeidsløysa då koronakrisa traff samfunnet. Det har vore høgt prioritert og viktig for NAV å ivareta dei permitterte på best mogleg måte, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Lønskompensasjonsordninga for permitterte var klar i juni månad. Den skal sikra løn til permitterte dei første 20 dagane av permitteringsperioden.
Kan søka sjølv
NAV betaler ut løn på bakgrunn av opplysningar frå arbeidsgjevar. Over 2.500 personar i Sunnhordland vil truleg har rett på ordninga.
– Dei fleste som vart permittert etter 12. mars har fått utbetalt lønskompensasjon, men framleis kan det vera nokre i regionen som ikkje har fått. Dersom arbeidsgjevar ikkje registrerer opplysningar og sender skjema, er det no mogleg for den permitterte å søke om dette sjølv. Det gjer ein på nav.no, seier Østerlid.
Lågast arbeidsløyse i Etne
I Sveio var det 4,2 prosent heilt ledige. I juli 2019 hadde Sveio 2,4 prosent heilt ledige.
Etne hadde lågast arbeidsløyse i Sunnhordland i juli med 2,9 prosent heilt ledige, medan den var høgast på Stord med 5,9 prosent. I høve juni månad har alle kommunane utanom Etne ein auke i arbeidsløysa blant heilt ledige.
– Dette kan i stor grad forklarast med at det er ferietid, færre personar i tiltak og andre sesongvariasjonar, seier Østerlid.
4.390 permitterte i jobb igjen
Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4.390 personar frå juni. Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som var hardast råka. Samstundes ser ein at talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar, noko som ikkje er uvanleg i juli månad.
– I Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent. Samla sett ser vi same utvikinga i Vestland fylke som på landsnivå. På Vestlandet elles noterer Rogaland ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og Møre og Romsdal 4,2 prosent. Oslo ligg høgast med 6,7 prosent, og i den andre enden finn vi Nordland med berre 3,2 prosent, fortel Hysing-Olsen, fungerande direktør NAV Vestland.
Stor skilnad mellom kommunane
Som ein følgje av at mange permitterte er tilbake i full jobb, fall talet på delvis ledige kraftig frå 14.583 til 9.479 samanlikna med juni. Dette gjeld innan alle bransjar, og som venta er det sterk nedgang innan butikkarbeid med -738 personar, reiseliv og transport -669 personar, og industri og bygg og anlegg med høvesvis -533 og -397.
– Om vi ser på landsnivå mellom fylka, har vi store skilnader mellom kommunane våre i arbeidsløyseprosent. Bergen har framleis godt over halvparten av alle ledige i fylket, noko som utgjer 5,6 prosent av arbeidsstyrken. Bergen er berre «slått» av Stord med 5,9 prosent. I den andre enden finn vi Gulen med 1,2 prosent og Vik med 1,4 prosent. Heile 15 kommunar har 3 prosent eller lågare arbeidsløyse i fylket vårt, seier Hysing-Olsen.
Stadig fleire lagtidsledige
Talet på personar som har vore ledige over 26 veker utgjer no 4.963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid igjen, og at det såleis blir stadig fleire langtidsledige.
– Dette er ei utvikling som vi følgjer nøye og vil prioritere innsats på framover, seier Hysing-Olsen.