nyhende
Pengar til reiselivssatsing i Vestland
Hovudutvalet for næring delar til saman ut 3,5 millionar kroner til sju såkalla destinasjonsselskap i Vestland. Målet er berekraftig reiselivsutvikling og besøksforvalting i 2026.
– Reiselivsnæringa er viktig både for verdiskaping, utvikling av lokalsamfunna våre og arbeidsplassar. Ved å støtte reiselivet gjennom pengar til destinasjonsselskapa ønskjer vi å sikre at arbeid med omstilling og utvikling til eit meir berekraftig reiseliv held fram, seier Sigrid Brattabør Handegard (Sp), leiar i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.
Pengane går til desse selskapa, ein halv million kroner til kvart av dei: Visit Bergen, Visit Sunnhordland, Visit Hardangerfjord, Visit Voss, Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Visit Fjordkysten og Sunnfjord.
Samstundes har hovudutvalet i næring vedteke at Vestland, saman med Møre og Romsdal og Rogaland, skal utarbeide eit kunnskapsgrunnlag for det framtidige reiselivsarbeidet på Vestlandet. Kunnskapsgrunnlaget skal nyttast til å vurdere fylkeskommunane sin framtidige innsats innan reiseliv, går det fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.