nyhende

ryvarden lysløype turløype
Administrasjonen i Sveio kommune er i gong med innhenta grunnlag for å laga sak på mogleg lysløype til Ryvarden, som eit folkehelsetiltak.

Pengane til forprosjekt om lysløype til Ryvarden blir ståande

Sveio Høgre fekk ny avstemming om pengane som er avsett til forprosjekt av lysløype frå Mølstrevåg til Ryvarden, men det knappe fleirtalet held på den opphavlege planen.

Publisert Sist oppdatert

I forkant av kommunestyremøtet måndag 22. februar, sendte Sveio Høgre ein interpellasjon til ordførar Linn Therese Erve (Ap), der dei ba om ei ny avstemming i saka, som er ein del av budsjettet som blei vedteke i desember. Her har fleirtalet bestemt at 200 000 kroner skal gå til forprosjekt til lysløype frå Mølstrevåg til Ryvarden, som eit folkehelsetiltak.

Omkamp om budsjettet

Forslaget til Høgre-gruppa går ut på å heller bruka pengane til trafikksikringstiltak og lyssetjing langs trafikkfarleg skuleveg.

Erve svara interpellantane at pengane ikkje er brukte enda, men at administrasjonen har starta med å innhenta prisar. Ho presiserte at ein må skilja folkehelsetiltak og trafikksikringstiltak.

– Det er svært viktig å prioritera tiltak til folkehelse. Eg rår til å ikkje stemma over vedtaket på ny. Eg ser på det som ein omkamp om budsjettet som er vedteke for to månadar sidan sa ordførar Erve, og viste til at saka heller burde kome inn under revisjon av budsjettet.

Ho poengterte at trafikksikringstiltak også er viktig, og at det er sett av fem millionar kroner til føremålet i år.

Ny avstemming

John Kristian Økland (H) takka ordføraren for svaret, men var ikkje einig i konklusjonen og all argumentasjonen til ordføraren.

John Kristian Økland har ordet i det digitale kommunestyremøtet 22. februar 2021.

– Ei omprioritering vil vera til støtte for folkehelse og nærmiljø. Eg vil innstilla til at me tar ei votering på dette framlegget, sa Økland.

Over ein tredjedel av kommunestyret (12 representantar) ønskte ny avstemming, derfor blei det opning for det. 12 av 25 representantar stemte for Sveio Høgre sitt framlegg om å heller bruka summen på lyssetjing langs skulevegar. Det er éi stemme for lite, dermed blei ikkje framlegget til vedtak tatt til følgje.

Powered by Labrador CMS