nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Pendlarar til Stord er bedne om å ha heimekontor

I Stord kommune blir det påvist smitte av koronavirus, utan at det er mogleg å spora kjelda. Som eit tiltak, blir offentlege og private aktørar med arbeidsplassar i Stord kommune oppmoda om å ha heimekontor, om mogleg.

Publisert Sist oppdatert

Kommunen er i fase 2, der FHI tilrår at ein set i verk tiltak som reduserer talet på kontakter i befolkninga, opplyser Stord kommune på nettstaden sin i dag. Det blir oppmoda til å ha heimekontor, både kommunalt tilsette og på andre arbeidsplassar, om det er mogleg.

Tilrådingane gjeld i fire veker. Dersom desse ikkje blir følgd og situasjonen utviklar seg, vil det bli vurdert å setja i verk pålegg.

I følgje SSB, var det 142 sveibuar som hadde arbeidsplass i Stord i 2019.

Powered by Labrador CMS