nyhende
Pause i symjehall-plan kan spare Sveio for pengar
Konstituert rådmann Ingunn Toft ber kommunen avklare mogeleg pause i planlegging av ny symjehall. Årsaka er eit prosjekt der Sveio deltar, kor eit samarbeid med Vestland fylkeskommune kan gje lågare kostnadar.
Aktivitetsanlegget som er under planlegging i Sveio kommune er eit mål om både ein ny idrettshall og symjehall på Vigdartun.
I eit dokument sendt ut av rådmannen, føreslår ho å sett arbeidet på vent til etter 1. oktober.
Då vert det klart om Sveio, som ein av fire kommunar, går vidare i eit prosjekt styrt av Vestland fylkeskommune.
Prosjektet har namn Nyskapande aktivitetsanlegg, og inneber at fylkeskommunen kan hjelpe med planlegging av nye anlegg. Ein slik hjelp kan spare Sveio kommune for mykje kostnadar, noko rådmannen viser til.
I uttalelsen frå rådmannen står det:
— Å setje arbeid på vent i ein kort periode, slik at ein sikrar gode framtidsretta løysingar for felleskapet, til lågast mogeleg kostnad, vil i eit langsiktig perspektiv både vere rett og ansvarleg.
Vidare ynskjer Vestland fylkeskommune ein pause i planlegginga, då det kan verte ei løysing som ikkje krev at ein fjernar fjellet bak Vigdartun.
Fylkeskommunen si kommentar er at fjellet kan i seg sjølv vere verdifullt som aktivitetsanlegg, og bør få stå.
Klikk her for å sjå ein teikning av anlegget.
Neste møte i formannskapet i Sveio kommune er mandag 12. september, klokken 17:00.