nyhende
Paul Hansen på slippen igjen
Fredag kveld blir den tidlegare Vamp-vokalisten Paul Hansen igjen å høyra på konsert i lokala til nedlagte Øklandsnes Slip og Motorverksted i Auklandshamn.
Sist vokalisten, som også er kjent frå Blest og Cortina, heldt konsert i dei same lokala var i nobember i fjor. Han fekk god omtale etter den konserten. Sjølv om det var haust og ikkje altfor varmt i den tidlegare verkstadhallen, blei dei røffe og maritimt prega omgivnadene oppfatta som ei fin ramme rundt ei god musikkoppleving for tilhøyrarane.
No er det sommar og ein heilt annan temperatur. Konsertarrangør Inga Norunn Jacobsen nemner dessutan ein annan god grunn til å å koma denne gongen.
– Overskotet av konserten skal gå til butikk i Auklandshamn, skriv ho i ei tekstmelding til Vestavind.
På grunn av avgrensa plass oppmodar Jacobsen dessutan folk til å vera tidleg ute med å skaffa seg billettar til konserten.