nyhende
Påskevêret i Sveio: Dette blir den finaste dagen
Skjærtorsdag peikar seg ut som den beste utedagen i påsken i Sveio. Vakthavande meteorolog Haldis Berge seier torsdag ser ut til å gi mest sol og best sjanse for opphald, før meir vind og regnbyar tek over seinare i påsken.
Meteorologen meiner sveibuen må vera førebudd på eit vekslande påskevêr, med både vind og regnbygar som kjem og går, men òg nokre lysare periodar.
– Skal eg trekkja fram éin dag med best vêr i påsken, så er det skjærtorsdag. Den dagen ser ut til å gje mest sol og best sjanse for opphald, seier Berge.
Skjærtorsdag er det meldt lettskya og opphaldsvêr frå morgonen av, med temperaturar mellom 5 og 8 grader. Det blir likevel ingen vindstille dag. Nordavinden vil merkast, med rundt 8 meter per sekund og vindkast opp mot 16 meter per sekund.
– Det bles frå nord, og det kan nok blåsa frisk bris på utsette plassar hos dykk. Kanskje liten kuling òg på føremiddagen, før det roar seg utover ettermiddagen og kvelden, seier ho.
Meir uvêr i vente langfredag
Langfredag startar truleg med opphald og lettskya vêr, men utover dagen er det venta meir skyer, aukande vind og nedbør. Vêrmeldinga på yr.no viser temperaturar rundt 5 grader, rundt 8,5 millimeter nedbør og vind på cirka 9 meter per sekund.
– Det er venta å vera opphaldsvêr tidleg på dagen. Lettskya om morgonen, men det skyer til i løpet av føremiddagen, seier Berge.
I høgda kan den første nedbøren falla som sludd eller snø.
– Når nedbøren kjem, kan ho falla som sludd eller snø i område over 200 til 400 meter, seier ho.
Påskeaften lettar været utover dagen
Laurdag held påskeværet fram i eit ustabilt spor. Prognosen viser 4 til 8 gradar, nær 6 millimeter nedbør og vestavind på rundt 5 meter per sekund.
– Laurdag er det vind frå vest og bygevêr, ser det ut som. Hos dykk blir det nok stort sett regnbyer, seier Berge.
Utover ettermiddagen og kvelden ligg det likevel an til lettare vêr, og temperaturane kan nærma seg 10 gradar.
– Det går mot opphaldsvêr utover ettermiddagen og kvelden, seier ho.
Våt 1. påskedag
Søndag ser førebels ut til å bli den våtaste dagen i påsken. Varslet viser temperaturar mellom 5 og 7 gradar på dagtid, rundt 13 millimeter nedbør og vind opp mot 10 meter per sekund.
– Søndag er det eit nytt lågtrykk som kjem med vind frå sør, og me får regn igjen, seier Berge.
Ho understrekar samstundes at det framleis er litt tidleg å slå fast detaljane heilt.
– Det er litt langt fram, så både nedbørsmengd, vind og temperaturar kan variera. Men det ligg an til ein nokså våt søndag, seier ho.
Betre vêr måndag
Måndag ser det ut til å letta noko igjen. Dagen startar truleg med nedbør, før været blir lettare utover ettermiddagen og kvelden. Førebels varsel viser temperaturar opp mot 9 gradar, rundt 4 millimeter nedbør og vind på cirka 9 meter per sekund.
– Det byrjar nok med nedbør, men utover ettermiddagen og kvelden ligg det an til lettare vêr. Er ein heldig, kan sola òg titte fram seinare på dagen, seier Berge.