nyhende

Påskeegg – meir enn berre godteri

Vakre, dekorerte egg høyrer påskehøgtida til. Tradisjonen er svært gammal og står framleis sterkt i Aust-Europa.

Publisert Sist oppdatert

Dekorering av påskeegg er blitt utvikla til ein eigen kunstart. I mange land har ein lange tradisjonar for å gjera mykje ut av det litle næringsrike hønseegget.

På tvers av landegrensene i Mellom-Europa finn ein påskeegg som er måla med intrikate mønster. Det blir brukt ulike dekorasjonsteknikkar, til dømes bladpålegging, gravering, etsing, batikkteknikk og måling.

– I Ungarn finst det mange ulike typar geometriske og nøye måla mønster. Mange av desse har underliggande symbolske betydningar, fortel Erzsébet Røkenes til Nynorsk pressekontor.

Ho held den lange tradisjonen med eggmåling i hevd som ein av dei fyrste eggdekoratørane av sitt slag i Noreg. Ho har også skrive ei bok om kunstarten.

Alle typar av egg

Heime hjå henne finst det vakre egg dekorerte med alle slags former for krusedullar og blomar. Nokre av dei har motiv som er urgamle, og andre er Røkenes sine eigenkomponerte mønster. Ho målar på både hønse-, kalkun-, gås-, strutse- og treegg. Erzsébet Røkenes har hatt mange av dei dekorerte egga sine på ulike utstillingar.

– Du kan måla på alle typar egg, så lenge du greier å måla smått nok. Alt ifrå eit vaktelegg til eit strutseegg kan gå, forklarar ho.

Røkenes har budd i Noreg i 68 år, men kjem opphavleg frå Ungarn. Der lever den lange tradisjonen med rikt dekorerte påskeegg i beste velgåande.

Følgjer urgamle linjer

Egg er eit gammalt symbol på livet, fruktbarheita og skapinga. I kristendommen blei egget bilde på at Jesus stod opp frå dei døde i påsken.

– Egget har blitt eit symbol på oppstoda. I folketrua skulle dei ulike motiva som blei måla på egga forsterka dette oppstodesymbolet.

Hanen var til dømes eit viktig dyr på garden. Derfor har hanekammen blitt eit vanleg symbol å måla på egga, seier Røkenes. På mange egg finn ein også spadar.

Andre eggmønster har eldgammalt opphav. Frå gammalt av trudde ein at desse mønstera skulle forsterka eigenskapane til egget. Med tida har ein måla blomar langs linjene til dei gamle mønstera, og i dag følgjer egg med blomstermotiv urgamle linjer.

Eit kjenneteikn på ungarske egg er små prikkar som varierer i fargen. Dei eldste motiva ein kjenner til er mellom anna solstrålar, stjerner og fingrane til urfaren.

Kom seinare i Noreg

Her iI Noreg har me også tradisjon for å måla på egg. Men ikkje i same skala som i Ungarn og andre land i Aust-Europa.

– Fram til byrjinga av 1900-talet var egg luksusmat som folk flest ikkje hadde råd til å unna seg kvar dag, fortel kunsthistorikar og konservator Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum til Nynorsk pressekontor.

Høns var heller ikkje allment utbreidd på norske gardar før etter år 1900. Risåsen fortel at tradisjonen med å måla påskeegg dukka opp i mellomkrigstida her i landet, men skaut fart for alvor etter den andre verdskrigen.

– I Noreg kom pappegg som kunne fyllast med godteri i handelen frå 1920-åra.

Fleire metodar

Ifølgje Risåsen, finst det ei eller anna form for dekorerte egg i dei fleste kulturar. Nokre av dei eldste er over 2000 år gamle og er funne i Kina. I «nyare» tid har det blitt funne påpryda egg i både Polen og Ungarn frå høvesvis 400- og 800-talet.

Ein har hatt ulike måtar å dekorera dei på. Det vanlegaste er å måla dei, men i austeuropeiske land kan ein også bruka voks og gravera inn mønstera.

– I tillegg har me også planteavtrykk og batikkteknikkar, forklarar Risåsen.

Til batikkteknikken treng ein stearin eller honningvoks. For å få planteavtrykk må ein pakka egget inn i eit tøystykke saman med ein blome. I kokevatnet legg ein til dømes eit laukskal oppi. Eggeskalet tek til seg fargen, men omrisset av planta la i tøystykket får lysare farge.

Bibelske kvinner sentrale

Så kan ein spørja seg kor Jesu oppstode kjem inn i bildet. Jau, både Røkenes og Risåsen bekreftar sjølve egget si rolle som symbolet på livet.

I ettertid har fleire kulturar gjeve fargerike forklaringar på kor måletradisjonen kjem frå.

– Det knyter seg fleire legender til opphavet til påskeegget. Jomfru Maria skal ha gjeve egg til soldatane som krossfeste Jesus, med bøn om mildskap. Tårene hennar fall på egga som fleirfarga flekker. Ifølgje ei anna legende, skal Maria Magdalena ha hatt med seg egg som niste då ho kom til Jesu grav for å stella kroppen hans. Då ho kom fram, hadde egga blitt regnbogefarga, seier kunsthistorikar Risåsen.

Powered by Labrador CMS