Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Påske betyr mykje for meg
– Påske betyr uendeleg mykje for meg. Det er den høgtida eg set mest pris på. Meir og meir er eg blitt opptatt av innhaldet i den kristne påskebodskapen og det Jesus har gjort for oss.
Det er ikkje kvikklunsj og påskeharar, skiturar til fjells eller andre påsketradisjonar som er fremst i tanken når Johannes Lønning frå Bua får spørsmål om den føreståande høgtida.
Frå husværet sitt på Austbakken i Sveio omsorgssenter ser han tilbake på eit snart 90 år langt liv der gudstrua alltid har vore viktig og aldri viktigare enn no.
Forbilde frå barndommen
– Eg vaks opp i ein kristen heim. Det er eg veldig glad for. Eg kan ikkje tenkja meg noko anna, og aller minst no når eg snart er 90 år og veit at avslutningsdagen ikkje kan vera så langt vekke.
Ikkje berre heimen, men også lokalsamfunnet var med på å forma unge Lønning til den han har blitt. Mange av forbilda var å finna i bedehusmiljøet. Ein av dei som gjorde sterkast inntrykk, flytta frå bygda to år før Lønning blei fødd, men fekk eit ettermæle som gjorde han til ein influensar for si tid også etter at han var borte. Namnet hans var Haktor Bua.
– Haktor budde på Haktorplasset, ein bygsla plass som høyrde til jorda vår, fortel Lønning.
På Haktorplasset dreiv dei litt jordbruk. Elles dreiv Haktor med jektefart og sildesalting. Han hadde eiga saltebu nede ved austsida av vågen.
Haktor var mellom anna kjent for å be mykje til Gud. På vegen mellom huset og saltebua hadde han ein fast bøneplass. Det er sagt at han knelte der i bøn kvar gong han gjekk ned til sjøen, og kvar gong på heimveg. Det er også sagt at merka etter Haktor sine treskotuppar og kne der han knelte og ba, til dags dato ikkje har grodd igjen og difor er lette å finna.
– Eg har sjølv knelt på den staden mange gonger, seier Lønning.
Kyrkjetenar
Gardsarbeid blei tidleg i oppveksten ein del av kvardagen til Lønning, som elles starta yrkesvegen sin som fiskar. Seinare gjekk turen til Matre i Sunnhordland. Der var han med på tunnelarbeid og dambygging på kraftanlegget.
– Det var då eg tente pengar! Eg likte meg godt på anlegg. Men etter kvart trong foreldra mine meir hjelp heime. Far hadde dårleg helse, var mykje sjuk.
Etter kvart overtok Lønning småbruket på Bua. Han fekk seg dessutan arbeid på betongfabrikken i Mølstrevåg, og var der i mange år, før han var blei tilsett på full tid som kyrkjetenar i Sveio.
– Eg var kyrkjetenar i 22-23 år og var også vikar i lang tid etter pensjonsalderen. Det var den jobben eg likte aller best og kjende meg mest heime i, fortel han.
Som kyrkjetenar hadde han ansvar for kyrkjene både i Sveio sentrum, Førde og Valestrand, og kapella på Eikeland og Valen. Jobben innebar også at han kom i kontakt med folk over heile kommunen og i alle samfunnslag.
Interessa for menneske og lysta til å hjelpa tok han med seg også då han og kona Karoline flytta til omsorgsbustad i sentrum i 2009. I mange år var han frivillig hjelpar ved andaktar og andre tilstellingar på omsorgssenteret.
Frivillig arbeid
Frivillig arbeid var han ikkje ukjent med frå før heller.
– Far var bedehusmann heile sitt liv. Då han døydde i 1973, blei eg valt til formann i bedehusstyret etter han. Det vervet hadde eg i over 40 år.
Lønning har også erfaring frå politisk arbeid.
– Eg var med i kommunestyret i to perioder. Der representerte eg KrF. Eg ser det slik at det er viktig å gi plass for kristne verdiar i politikken. Framleis er eg medlem av partiet, sjølv om eg synest partiet har utvikla seg i svært liberal retning.
Elskar bestefarrolla
Lønning var 42 år gammal då han blei gift, men fekk likevel 43 år saman med kona før ho døydde. Karoline var enke med to gutar, Kåre og Helge Bua. Dermed blei han stefar, og i neste omgang bestefar til seks barnebarn.
– Verdien av bestefarrolla kan ikkje betalast med pengar. Det er noko av det beste eg har opplevd, seier Lønning, som fortel at han har god kontakt med alle barnebarna.
At Nils Konrad er blitt ordførar i Haugesund, er mykje til stas.
– Helge hadde vore så stolt om han hadde fått oppleva dette, Eg saknar Helge, som døydde for to år sidan, seier Lønning.