Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
– Påska er ikkje den same utan påskeeggjakta i Rex Garden
På skjærtorsdag strøymde familiar frå Sveio, Haugesund og heile Sunnhordland til den folkekjære Rex Garden i Førde. Påska er ikkje den same utan den årlege påskeeggjakta i Sveio, seier ein sveibu.
Tradisjonen har blitt ein favoritt blant både store og små. I alt låg 300 egg godt gøymde under buskar og steinar, klare til å bli funne av ivrige barnehender.
Konseptet er enkelt: Kvar unge finn eitt egg, ikkje fleire, leverer det til påskeharen og får ein premie i retur.
Familiar i hopetal entra parken forventningsfullt i det klokka bikka 12.00. Somme kom frå Sveio, andre heilt frå Haugesund og kringliggjande grender i Sunnhordland.
– Gler meg
Vestavind møter ein familie på seks ved inngangen: Ruth Vihovde Strand og Daniel Vihovde Strand med borna Luna (3), Jone (5), Abel (7) og Isak (14).
– Gler du deg til påskeeggjakt? spør Vestavind Abel (7).
– Nei, svarer han kontant.
– Eg gler meg! skyt storebror Isak (14) inn frå sidelinja.
Nede ved sjøen står tre jenter i bua og sel brus og nysteikte vaflar. Dei synest det er kjekt å få vera med på å spreia påskestemning i parken.
– Kva går pengane til?
– Dei går til Førde barne- og ungdomslag, seier jentene.
Viktig for bygda
Litt lenger oppe i terrenget sit familien Kinn Bjelland frå Sveio. Dei nyt den varme vårdagen frå ein benk, medan dei yngste i flokken kosar seg med godtepremiane frå påskeharen: velfylte posar med påskesnop.
Familien meiner arrangementet er viktig for bygda og peikar på at eggjakta er eit flott samlingspunkt som bidrar til å styrkja fellesskapen.
Blant dei mange besøkande finn me òg Ivar Skomedal Lønning frå Bømlo, som har teke turen innom Rex Garden denne ettermiddagen. Han lener seg mot ein fjellvegg, med sigaren i eine handa og ei lupe i den andre.
– Eg er her for å koma i påskestemning, men òg for å granska steinar og diverse bergartar, seier den geologi-interesserte 25-åringen.
Han er imponert over kor mange som har møtt opp.
– Eg var på påskeeggjakta på Ryvarden for nokre år sidan, men det var ikkje i nærleiken av like mange folk då som det er her i dag, seier han.