nyhende
Partia veit ikkje kva grep som fungerer best for å lokke veljarar
Valkampen er i gang for fullt og dei ulike partia mobiliserer både ute blant folk og i media. Kva valkampgrep som faktisk fungerer for å lokke til seg veljarar er det derimot ingen som veit.
– Det er eit gammalt uttrykk som seier at det er ti prosent av det ein driv med i valkamp som fungerer, problemet er at ingen heilt veit kva dei ti prosentane er, seier professor i politisk kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, Rune Karlsen, til Nynorsk pressekontor.
Mobilisering og overtyding
Han forklarer at valkampen tradisjonelt sett først og fremst var viktig for å mobilisere folk til å gå til valurnene, men at den i moderne tid i større grad handlar om at partia skal overtyde folk om å stemme på akkurat dei.
– Du kan seie at valkampen har to hovudeffektar. Det eine er forsterkingseffekt – at veljarane blir overtydde om å lande på det partiet dei i utgangspunktet ville stemt på. Det andre er ein endringseffekt. Som handlar om at nokre veljarar faktisk skiftar meining.
Halvparten bestemmer seg
Ifølgje professoren er det om lag halvparten av oss som bestemmer oss for kven vi skal stemme på under valkampen.
– Det talet har auka veldig sidan 1960-talet, då vi starta valundersøkingane. Då var det om lag 15 prosent som bestemte seg under valkampen. Valkampane då handla mest om å mobilisere – no er det både mobilisering og overtyding som gjeld. Over tid har altså valkampen fått større betydning for kva veljarane stemmer.
Grunnen til at fleire no bestemmer seg under valkampen er endringar i samfunnsstrukturane.
Svakare koplingar
– Frå 1960-talet og framover har det vore fleire store samfunnsomveltingar – som til dømes utdanningsrevolusjon og endringar i kva folk jobbar med. Sjansen for å bli i det sosiale sjiktet du er fødd inn i er mykje mindre i dag enn den var rundt midten av 1900-talet. Blei du fødd inn i arbeidarklassen før, så blei du verande ein arbeidar og røysta Arbeidarpartiet. Viss du blei fødd inn i embetsklassen blei du der og røysta Høgre. No er det mykje større sosial mobilitet, fortel Karlsen.
Det har gjort at koplingane mellom parti og veljar har blitt svakare.
– Når koplingane blir svakare er det lettare å ha fleire parti ein vurderer å stemme på. Mange har ein stabil haldningsstruktur i politiske grunnspørsmål og dei haldningane kan peike veljaren i retningg av to til tre ulike parti.
Partia kopierer
Trass i massiv mobilisering, både ute blant folk og på internett, er det ingen som heilt veit kva valkampgrep som fungerer best.
– Truleg er dei heilskapen som er mest avgjerande, seier Karlsen.
For partia er det heilt sentralt å få valkampen til å handle om «sine» saker, altså saker der dei har det ein kallar sakseigarskap.
– Det er ofte slik at når eit parti gjer noko, så gjer alle det. Når nokon først byrjar med noko er det vanskeleg for dei andre å la vere.
Det finst likevel studiar frå USA som viser effekten av enkelte grep.
– At partia går frå dør til dør har særleg mobiliseringseffekt. Det får folk til å gå å stemme. Det er òg studiar som antydar at slike aksjonar kan påverke kva parti og kandidatar ein stemmer på, men der er resultata meir usikre.
Folk stemmer annleis
I år er det kommune- og fylkestingsval, likevel blir valkampen nasjonalt fronta med rikspolitikarar. Karlsen fortel at folk stemmer annleis ved lokalvala enn ved stortingsvala.
– Lokalvalundersøkinga har lenge vist at folk nemner lokale saker og lokale politikarar som viktige for stemmegivinga si i kommune- og fylkestingsvala. Nasjonale trendar påverkar meir når det er stortingsval enn ved lokalval. Det betyr at ein veldig populær ordførar eller ei lokal hjartesak blir avgjerande for mange no i år, avsluttar Rune Karlsen.