nyhende
Paraplyvêr på Kristi himmelfartsdag
Dersom du drøymer å vere den ekstra fridagen på torsdag ute i vårsola, blir du truleg skuffa, ifølgje meteorologane.
Heile dagen Kristi himmelfartsdag er det nemleg meldt regn.
– Skal du ut kan det hende du skal ta med deg paraply, skriv Meteorologisk institutt på X, tidlegare Twitter.
Ifølgje dei er det berre ein liten del av Nord-Noreg som får fint vêr på heilagdagen.
Haustvêr
– Det er berre Aust-Finnmark som får sol, alle andre må nøye seg med haustvêr, skriv meteorologane, som understrekar at Sør-Noreg likevel får mindre nedbør utover kvelden.
Det er heller ikkje spådd å bli spesielt varmt. Gradestokken vil liggje på rundt 12 grader i Oslo, 9 grader i Bergen, 8 grader i Trondheim og 7 gradar i Tromsø.
God bunadstemperatur
Det er heller ikkje meldt strålande sol på 17. mai neste veke, men det blir passande vêr for bunad.
– Det ligg an til å bli god bunadstemperatur over heile landet eigentleg – ikkje for kaldt, ikkje for varmt. Nasjonaldagen ligg an til å få eit gjennomsnittleg mai-vêr, sa vakthavande meteorolog Sigrid Auganæs til Dagbladet måndag.
– Nedbør er veldig ustabilt på våren, og spesielt vanskeleg for oss å seie noko om så lang tid før 17. mai.