nyhende

Pantheren i Mølstrevåg

Alle hugsar den første sykkelen, mopeden eller bilen sin. Olav Næss (86) hugsar godt den første motorsykkelen han kjøpte seg hausten 1955. Ein britisk Panther med 600 kubikk motor. Han har han enno.

Publisert Sist oppdatert

Olav Næss er vaskekte sveibu. Han blei fødd i Førde i 1938, før familien flytta til Haukås og til slutt kjøpte eit gardsbruk i Mølstrevåg i 1954.

I tillegg til å hjelpa far sin med gardsdrifta, arbeidde Næss lenge på sildeoljefabrikken i Mølstrevåg. Sjølv då han tok over garden, har han alltid hatt ein jobb ved sidan av bondeyrket.

Hausten 1955 fekk Næss sjå motorsykkelen for første gong og han slo til med det same.

– Sykkelen stod under nokre buskar der. Han som selde skulle ha 1500 kroner, det var mykje pengar den gongen, fortel Næss.

Pantheren frå 1932 startar og går som ei klokke framleis. Legg merke til dei opne ventilane. Video: Kjartan Moe Hustvedt.

Køyrde til førarprøven

Næss måtte venta eitt år til han var gammal nok til å få førarkort, og han nytta tida godt. Då han hausten 1956 parkerte føre bilsakyndige i Haugesund, hadde han mange timar på baken allereie.

– Eg kom for å ta sertifikatet, køyrande på sykkelen, humrar Næss.

Bilsakkunnige i Haugesund den gongen låg rett ved dagens stadion. Dei hadde utsikt nordover til Flotmyr og tyskarbrakkene som framleis var der.

– Enklaste sertifikatet eg har tatt. Det var to felt nordover og eitt sørover. Ein østlending som jobba der, stod på trappa og såg etter meg. Eg heldt meg i venstre felt nordover. Retta ut neven for å signalisera at eg skulle svinga og heldt meg til høgre sørover. Jaudå, det var flotte greier det. Så svara eg på nokre spørsmål om skilt inne, og ei stund seinare kom førarkortet frå Bergen.

Buavåg og byn

– Me var ein heil gjeng som hadde motorsykkel i Sveio før i tida. Me køyrde mykje til Buavåg og Haugesund, minnest Næss.

– I Haugesund parkerte me føre Vår Frelsers kyrkje. Då kunne me renna heilt ned til Fiskarane om sykkelen ikkje ville starta. Me brukte å seia at om han ikkje starta då, så var det berre å renna vidare, rett i Smedasundet, smiler Næss med glimt i augo.

Ikkje alle hadde motorsykkel, så då kunne ein raskt risikera å måtta køyra nokon heim.

– Særleg frå Buavåg var sjansen stor. I ungdommen hadde eg av og til passasjerar både bakpå og på tanken, men eg vil ikkje ha nokon på no, medgir han.

Ikkje ei skramme

Sjølv med snart 70 år på motorsykkelsetet, har Olav Næss og sykkelen ikkje fått ei skramme.

– Eg køyrer passivt og finn ikkje på noko tull. Best likar eg meg i 60 km/t, fortel Næss.

Pantheren er ein stivramma motorsykkel og den einaste dempinga er nokre fjører i setet. Ifølgje den erfarne eigaren er det berre å sitta litt lett på setet. Det hjelpte ikkje på ein tur frå Åmot til Fyresdal, må han innrømma:

– Eg blei nesten slått i hel av all ristinga.

Farten må han ta på «gefühlen», for sykkelen har ikkje speedometer.

– Ein kamerat køyrde bak meg ein gong og undra seg over korleis eg klarte å halda så jamn fart. Når du har køyrd så lenge som meg, så kjenner du det, smiler Næss.

– Gassen og girstonga er på same sida, så om du skal gira, må du gjera det før du kjem i bakken. Men eg har no køyrd fleire gonger frå Stavanger til Lyngdal, utan å røra girstonga.

Troféveggen

Olav Næss og Pantheren har køyrd langt og vore med på mykje. Kvart år har han delteke på samlingar og treff rundt om i Noreg. Sjøormløpet, Oljeskvetten, Hardangertreffet, Troll-Rally og Westfjord Britbike Rally (WBBR). WBBR blir halde kvart år på same plass, Finnasteinflåten Camping i Øvre Eidfjord.

Næss har sikra seg pris for eldste førar, eldste motorsykkel og publikumspris for å nemna nokre. No heng dei på troféveggen i garasjen heime. Motorsykkelen frå 1932 vekker oppsikt, og det er eitt spørsmål som går igjen:

– Kvar gong eg er på treff, er det alltid nokon som lurer på om eg ikkje kunne tenkt meg fleire syklar. Jooo, svarar eg, men då blir jo denne ståande. Eg har hatt fleire bilar. Bil er jo meir ein bruksgjenstand. Men ein sykkel, det er liksom noko anna det, smiler han.

– Blir ikkje selt eller kasta

Både barn og barnebarn har arva motorinteressa, og Næss er ikkje redd for framtida til Pantheren i Mølstrevåg.

– Barnebarnet mitt, Olav (22), har vore med frå han var 15. Han trør sykkelen lett i gong sjølv. Denne blir nok ikkje selt eller kasta, seier han og peikar på motorsykkelen.

Den 92 år gamle sykkelen er blitt ein hit på YouTube. Ein video kor han går på tomgang har meir enn 180.000 visningar

Powered by Labrador CMS