nyhende
Panterekord gir gode inntekter for Sveio IL
Tysdag henta ein lastebil 67 stappfulle plastsekkar med tomgods ved Sambrukshuset i Sveio. Og skranglande boksar og flaskar gir klingande mynt i stort monn til idrettslaget.
Det meste av panten kjem frå dei to pantebuene som Sveio idrettslag har ståande ved høvesvis Sveio Senter og Kiwi-butikken i Sveio sentrum.
— Dette er ny rekord i talet på sekkar. Det er pant for cirka 500 kroner i kvar sekk her, så dette blir godt over 30.000 kroner til barne- og ungdomsaktivitetatane i idrettslaget, fortel Torleif Bjelland.
Snart 100.000 kroner
Det er selskapet Infinitum som tek i mot panten, og syt for utbetalingane som går uavkorta tilbake til Sveio IL. Pengane blir fordelt på høvesvis handball-, fotball- og volleyballgruppa.
Pantbuene har vore i drift sidan forsommaren 2020.
På dei om lag to åra pantebuene har vore i drift, har idrettslaget hatt gode inntekter frå dei. Noko av panten er rett nok henta hos privatpersonar, men brorparten er altså frå pantebuene.
— Me nærmar oss 100.000 kroner inntekt sidan dei kom på plass, fortel Bjelland.
— Spar ein pose til pantebua
Dugnadsgjengen som syt for å tømme pantebuene er glad for verdien av panten som kjem inn, og at jobben dei gjer kjem Sveio-ungdommar til gode. Men dei skulle gjerne sett at pantehaugen var endå større.
— Difor vil eg kome med ei oppmoding. Skal du levere pant, så sleng gjerne ein pose i pantebua. Om alle gjer det, blir det gode pengar til idrettslaget sitt arbeid, seier Bjelland.