nyhende

Ernst Lie t.v. og Paul Mølstre t.h, har snekra dei nye pantebuene på dugnad. I midtenTorleif Bjelland. Alle medlemmer i SIL si seniorgruppe.
Ernst Lie t.v. og Paul Mølstre t.h, har snekra dei nye pantebuene på dugnad. I midtenTorleif Bjelland. Alle medlemmer i SIL si seniorgruppe.

Pante-kronene skal gå til laga

Eit samla hovudstyre i Sveio idrettslag går inn for at pengane som kjem frå dei nye pantebuene skal gå uavkorta til laga.

Publisert Sist oppdatert

Sveio idrettslag har fått på plass to pantebuer, plassert ved Kiwi Sveio og hos Coop Extra i Sveio sentrum. Ei av dei viktigaste sakene under idrettslaget sitt hovudstyre-møte torsdag, var kven som skal nyta godt av inntektene.

– Einigheita kom relativt kjapt, alle var samstemnde om at pengane skal koma laga til gode, fortel leiar i Sveio idrettslag, Lillian Rommetveit.

Pengane skal setjast på eigen konto, og ved slutten av året skal kasserar og leiar for idrettslaget fordela pengane rettferdig mellom laga.

Idrettslaget sin seniorgjeng har påtatt seg arbeidet med handtering av panteflasker, pakking, retur og oppgjer.

– Me håper alle nyttar seg av dette flotte tilbodet me har sett i gong, og dersom det er nokon som har store sekker med pant, nøl ikkje med å ta kontakt med ein av oss i hovedstyret, oppfordrar Lilllian Rommetveit.

Powered by Labrador CMS