nyhende

PolitiUPUtrykkingspolitietHaukås
Det blei nokre kroner til statskassa i dag.

Påkøyrsel av uvanleg dyr

Søndag kveld vart eit dyr som vanlegvis held seg unna vegane, påkøyrd på E39.

Publisert Sist oppdatert

Søndag kveld vart eit dyr påkøyrd langs E39 ved Rød, men det var eit dyr av den uvanlege sorten.

– Det står at det er ein oter som vart påkøyrd, men kan det stemma? seier vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon.

Ein rask sjekk på oterens leveområde i Noreg seinare så verkar meldinga meir truverdig. Og sjølv om det var oppsiktsvekkande, var det også trist for dei involverte. Oteren er død, opplyser Fagerland.

Det er ikkje kjend kva skade som vart på køyretøyet.

I slutten av juli vart det også meldt om ein annan død oter på Facebook-sida Kva skjer i Sveio. Denne vart funnen påkøyrd i Buavåg.

Powered by Labrador CMS