nyhende
Påkøyrd rådyr midt i vegen
Tysdag morgon fekk politiet fleire telefonar om eit påkøyrd rådyr som låg midt i vegen på E39.
For køyrande på E39 ved Bråtveit dukka det tysdag morgon opp ei ubehageleg overrasking.
— Det var ikkje meldar sjølv som hadde køyrd på, men melder sa at dyret låg i vegbana, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Eit dødt rådyr låg midt i europavegen. Den som hadde køyrd på det var ikkje å sjå.
Fekk fleire telefonar
— Me sendte ein UP-patrulje som var i nærleiken, og dei melde kort tid etterpå at dei hadde fjerna dyret, seier Gaard.
Men i morgonrushet var det fleire som tok opp telefonen og reagerte.
— Innan patruljen kom fram fekk me fleire telefonar om at dyret låg trafikkfarleg i vegen, seier Gaard.
Meld frå til politiet
Difor kjem han med ei oppmoding til publikum.
— Folk må gjerne fjerna dyret sjølv om dei kjem over noko slikt, seier han.
Og om ein skulle vera uheldig og køyra på eit dyr, skal ein melda frå til politiet.
— Om ein melder det i frå, slepp ein eigenandel på forsikringa. Så det er vel gulrota her, seier Gaard.