nyhende
Påkøyrd: – På storleik som ein hund
På E39 gjekk det gale for eit lite rådyr torsdag føremiddag.
Rundt klokka 12 torsdag kom det inn ei melding frå forbipasserande bilist.
– Ein påkøyrd rådyrkalv, ein liten rådyrkalv på storleik med ein hund, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon Nina Fagerland.
Hendinga fann stad rett nord for Fjontunnelen på E39. Fagerland veit ikkje kven som køyrde på eller om det vart noko skade på person eller køyretøy.
– Bilist har nok ikkje meldt i frå. Me kan ikkje sjå noko melding om det heller, avsluttar ho.