nyhende
Politiet beslagla førarkortet til ein ung bilførar i Førde natt til lauardag.
FOTO: Thomas Vallestad Drageset
Pågripne etter trugsmål og slag
To menn i 30-åra er sikta og sat tysdag i avhøyr hos politiet etter at dei blei pågripne i Sveio dagen før.
Dei to skal då ha tatt seg inn i husværet til ein annan mann og truga og slått vedkomande, opplyser politiadvokat Sidsel Tunestveit til Vestavind.
Stort meir vil ikkje Tunestveit seia, men ho opplyser at den eine av dei sikta så langt har fått eit besøksforbod.