nyhende

På Halsnøy kloster blir det foredrag der ein får høyra meir om klosteret si lange og spanande historie.

Bli med på vårtur til Halsnøy

Måndag 11. mai inviterer Sveio Senioruniversitet til ein innhaldsrik og triveleg dagstur til Halsnøy. Ei perle i Sunnhordland, rik på både historie, natur og kultur. Dette er ein tur som kombinerer læring, fellesskap og gode opplevingar.

Avreise blir frå Soknehuset i Sveio. Derifrå går turen vidare til ferja ved Skjersholmane og over til Ranavik. Ferjeturen gir ein god start på dagen, med utsikt over fjord og landskap som mange av oss set stor pris på. Vel framme på Halsnøy står Halsnøy kloster for tur – ein historisk stad med røter heilt tilbake til mellomalderen.

På klosteret blir det foredrag der me får høyra meir om klosteret si lange og spanande historie, frå augustinarkloster til herregard og vidare til dagens bruk. Etter foredraget blir det felles måltid på klosteret – ein god pause med både mat og sosialt samvær.

Etter middag er det valfrie aktivitetar. Ein kan ta ein rusletur i Sæbøvik og sjå nærare på bygdemiljøet og småbåthamna, eller ein kan velja å besøka Halsnøy Historiske Senter. Der får ein eit innblikk i lokalhistoria på øya, med utstillingar som fortel om kvardagsliv, arbeid og utvikling gjennom tidene.

Deretter det retur med ferje frå Ranavik, og me er tilbake i Sveio utpå ettermiddagen.

Sveio Senioruniversitet gler seg til ein lærerik og sosial dag på tur. Me håpar mange vil vera med! Sjå gjerne Facebook-sida til Sveio Senioruniversitet for meir informasjon.

Jostein Førland

Powered by Labrador CMS