nyhende
Paddevegen framleis stengt
På grunn av teleløysing er Paddevegen stengt inntil vidare. Det er enno ikkje klart om vegen kan opnast i neste veke, opplyser arbeidsleiar for veg i Sveio kommune, John Anders Semb.
– Me har ti mil med kommunale grusvegar, og teleløysinga kjem samstundes alle stader. Då må det køyrast singel på alle vegane, og me må priotera dei stadene der folk bur, forklarar Semb.
Omfattande arbeid
Då Vestavind snakka med han torsdag føremiddag, var singling i gang på Nesevegen og vegen til Solgry. Med det er det meste gjort sør for Førde. Arbeidet held vidare fram nordover, der mellom andre Strøumøyvegen og Nappavegen står for tur.
Semb reknar med at det kan bli køyrt singel på Paddevegen fredag. Deretter må det vurderast når det er tilrådeleg å opna vegen igjen for trafikk.
– Eg vil ikkje gjera det for tidleg og risikera at folk skadar bilane sine, seier han.
Har alternativ
Ei ekstra utfordring med Paddevegen er at store delar av vegen ligg på myr. Dessutan har brukarane av denne veg fleire alternative omkøyringsruter. Dei kan anten køyra om Vikse eller bruka Markavegen, påpeikar Semb.