nyhende

Teleløysing nummer to i år set ein stoppar for trafikk på Paddevegen. Foto: Einar Vestvik
Teleløysing nummer to i år set ein stoppar for trafikk på Paddevegen.

Paddevegen er stengt igjen

Etter den lange perioden med flott og kaldt vintervêr fraus grunnen under Paddevegen. No er det full teleløysing for andre gong i år, og vegen er difor stengt.

Publisert Sist oppdatert

– Det er som å køyra på gele, og ikkje forsvarleg å sleppa bilar ut på den, seier John Anders Semb, arbeidsleiar drift og anlegg i Sveio kommune, som stengte vegen laurdag etter ein testtur.

– Kort lenge kan vegen bli stengt?

– I alle fall ei veke, kanskje to. Me begynner å køyra på grus i morgon (tysdag), så får me sjå, seier Semb.

I full sving på andre vegar

Han fortel at teleløysinga skaper problem også på dei andre grusvegane i kommunen, og måndag var to lastebilar i full sving med å køyra ut grus.

– Me konsentrer oss først om å vedlikehalda dei vegane der det bur folk. Så kjem Paddevegen til slutt sidan det er gode alternativ å køyra på, seier Semb

Powered by Labrador CMS