nyhende

Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finne ut kva for skule Nikolas, Erik, Oda, Sofie og Ivar siktar seg inn på. Foto: Morten Vågset Møller.
Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finne ut kva for skule Nikolas, Erik, Oda, Sofie og Ivar siktar seg inn på.

På veg mot vidaregåande: Dette vurderer tiandeklassingane

Nokre er sikre, andre står mellom fleire alternativ. Me har spurt elevar på 10. trinn om kva for utdanningsprogram dei ser for seg, og kva eller kven som har hjelpt dei å finne retning.

Publisert Sist oppdatert

Nikolas Miljeteig Braadland, 10A

– Eg har allereie søkt på studiespesialiserande på Vardafjell vidaregåande skule. Der føler eg at det er flest moglegheiter.

– Pappa ønskjer at eg skal finna meg ein god jobb, og han hjelper meg på vegen dit.

Erik Neve Frøvik, 10A

– Eg har tenkt å søkje på Haugesund toppidrettsgymnas fordi eg spelar fotball, og dei tilbyr to timar trening kvar dag.

– Det er nok rådgivaren min, Elin Britt, og sjølvsagt mamma og pappa.

Ivar Lae Pedersen, 10A

– Eg vurderer elektro eller TIF på Karmsund, fordi det høyrest kjekt ut.

– Foreldra mine kjem nok til å hjelpa meg når eg skal ta det endelege valet.

Oda Luggenes By, 10A

– Eg har valt musikk, dans og drama, med fokus på drama, fordi det er ein kjekk måte å få studiekompetanse på.

– Eg føler at eg stort sett har tatt valet sjølv. Eg har drive litt med skodespel her på skulen, og det har påverka det eg har lyst til å velja vidare.

Sofie Eriksen Lier, 10 A

– Eg har lyst til å gå studiespesialiserande på Skeisvang eller Vardafjell.

– Foreldra mine seier at eg må velja det eg sjølv har lyst til, så eg føler at eg tek valet sjølv. Samtidig har eg ein bror som går på Skeisvang, og han seier at det er ein fin skule å gå på.

Powered by Labrador CMS