nyhende

Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finne ut kva for skule Vilde, Oda, Henrik, Malene, Jonathan og Helena siktar seg inn på. Foto: Morten Vågset Møller.
Kva blir vegen vidare for tiandeklassingane til hausten? Les vidare for å finne ut kva for skule Vilde, Oda, Henrik, Malene, Jonathan og Helena siktar seg inn på.

På veg mot vidaregåande: Dette vurderer tiandeklassingane

Nokre er sikre, andre står mellom fleire alternativ. Me har spurt elevar på 10. trinn om kva for utdanningsprogram dei ser for seg, og kva eller kven som har hjelpt dei å finne retning.

Publisert Sist oppdatert

Henrik Fykse, 10C

– Eg tenkjer å søkje meg inn på elektrolinja ved Karmsund vidaregåande.

– Pappa er avdelingsleiar på elektrolinja, og eg har hjelpt han mykje med elektriske ting sidan eg var liten. Søstera mi er òg lærling, så det har nok påverka valet mitt av veg vidare.

Jonathan Haugland, 10C

– Eg kjem til å søkje på teknologi- og industrifag ved Stord vidaregåande skule.

– Pappa har vore den som har hjelpt meg mest med valet. Han er flink til å skru på ting, og det har gjort meg meir interessert i faget.

Vilde Lønning, 10C

– Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, men det står mellom helsefag ved Karmsund vidaregåande eller TIF ved Haugaland vidaregåande.

– Eg trur det må vere tanta mi. Ho jobbar som ambulansefagarbeidar, og eg ser litt opp til henne.

Helena Austreim Sexe, 10C

– Eg er veldig usikker. Det står mellom elektro, kunst, design og arkitektur eller studiespesialiserande.

– Eg trur eigentleg eg har fått ein del hjelp frå sosiale medium, og så får eg òg litt hjelp frå pappa.

Oda Bremer, 10C

– Eg kjem til å velje helse- og oppvekstfag ved Haugaland, fordi eg vil jobbe som ambulansearbeidar.

– Mamma har hjelpt meg mest, sidan ho er helsefagarbeidar. I tillegg har læraren min, Sverre Halleraker, støtta meg i ein periode då eg var litt usikker.

Malene Kvalvågnes, 10C

– Eg skal velje helse- og oppvekstfag ved Haugaland, fordi eg har lyst til å jobbe meir praktisk.

– Eg har eigentleg ikkje blitt påverka så mykje. Eg føler at eg har teke valet på eiga hand, men med litt hjelp frå læraren min, Sverre Halleraker.

Powered by Labrador CMS