nyhende
På sponsorjakt til salamanderbok
Fem 10. klassingar ved Sveio skule vil gi ut bok om salamandrar. No er dei på jakt etter sponsorar for å dekka trykkeutgiftene.
– Me treng 35.000 kroner for å få boka trykt i eit opplag på 300 og med stive permar slik me ønskjer, fortel Linnea Bergesen og Odin Roppestad Rossehaug.
Elevbedrift
Det er først og fremst desse to som har jobba med boka. Resten av gruppa og elevbedrifta som så langt kallar seg «Salamanderens venner», består av Kjetil Vierdal, Alex Pedersen og Daniel Svarveit.
Utgangspunktet er eit manus i form av ei skuleoppgåve som ein annan tiandeklassing, Even Salbu Pettersen, laga i femte klasse.
– Det er jo kjekt at denne oppgåva skal bli bok, men litt flaut å sjå dei teikningane eg laga i femte klasse, seier Even, som ikkje sjølv er med i «Salamanderens venner». Han er likevel med når bokprosjektet blir presentert for Vestavind.
Idé frå miljøvernavdelinga
Elevane har arbeidslivsfag to timar i veka, der Jarle Erdalsdal er rettleiar. Det var han som lanserte ideen om å laga bok av Even si oppgåve, fortel Linnea og Odin. Dei fem elevane i «Salamanderens venner» melde seg frivillig til oppgåva.
– I fjor var eg omvisar for ein delegasjon frå miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland i salamanderparken i Sveio sentrum. Då viste eg dei nokre sider frå Even si oppgåve. Dei blei svært begreistra, og det var dei som foreslo at oppgåva måtte bli gitt ut som bok, fortel Erdalsdal til Vestavind.
Han var miljøvernkonsulent i Sveio kommune då salamanderparken blei etablert, og stadfestar at parken er eitt av hjartebarna hans.
Faktabok for barn
– Det blir ei faktabok om salamander for barn, fortel Linnea.
I tillegg til Even si oppgåve frå 2018 har gruppa mellom anna gjennomført tre nye salamader-teljingar på nattetid. Det var i fjor haust, kort tid før salamandrane gjekk i dvale. Dei i gruppa som ikkje har arbeidd mest med boka, har elles deltatt i trefelling og rydding i parken.
– Ved første teljing observerte me 25 salamandrar. Siste gongen berre tre, fortel Linnea vidare.
Så langt har dei laga eit lite hefte av manuset som skal bli bok. Her har dei også artiklar frå Vestavind, mellom anna.
Sponsorjakt
For å skaffa pengar til trykking, har gruppa mellom anna hatt eit møte med ordførar André Mundal Haukås (H) i Sveio kommune.
– Han kunne ikkje lova oss mykje, fortel elevane.
Dei har enno eit håp om tilskot frå miljøvernavdelinga som på sett og vis var med på å setja det heile i gang, og utfordrar også verksemder i Sveio til å bidra. For å distribuera boka vil dei ta kontakt med bokhandlarane både i Sveio og Aksdal. Dei vurderer også førehandssal via skulen.
– Produksjonen blir sett i gang så snart me har pengane, seier Linnea og Odin.
Trykkeriprosessen vil ta tre veker, har dei fått opplyst.