nyhende

På sildasjau vinteren 1905

Tidleg på året 1905 er 15 år gamle Tollef Georg Haukås og notlaget han er med i, komne nord til Lyngholm i Sveio for å delta på fiske. I denne artikkelen er det hovudpersonen sjølv som fortel.

Publisert Sist oppdatert

Fakta om seglkuttaren «Velkomen»

Skipsregisteret for Kopervik og Haugesund viser at båten «Velkomen» vart først innført i Kopervik skipsregister i 1914, men var komen til Noreg allereie i 1892. Historia er som følgjer:

  • Bygd av eik i Great Yarmouth i England 1870 (1887?), etter alt å døma til ein Joseph Nightingale, Sheringham, Norfolk med fiskeriregister YH-400 som seglfartøy.
  • 53,4 fot lengde 16,7 fot bredde og 6,7 fot djup. 28,64 brutto tonn og 13,65 netto tonn. Truleg var det opphavelege namnet «Welcome».
  • Seld til Karl Dahl i Vedavågen i 1892, men blei ikkje innført i skipsregisteret før 1914. Ein gong før 26.06.1914 blei båten tatt over av Erik Johannesen, Eide i Kopervik, Johannes Johannesen og Johannes Sjursen, dei to siste med adresse Mosterhamn. Dei eigde 1/3-del kvar. Fartøyet blei brukt til fraktfart på kysten.

Det kan ha vore fleire eigarar etter 1892 og før 1914, men dei er ikkje kjende. Den 26.01.1919 blei fartøyet tatt over av 4 mann frå Moster: Ole N Skimmeland, Mandius Skimmeland, Hagen Skjønberg og Gerhard M. Gerhardsen. Desse sette truleg inn ny motor i fartøyet. I 1920 vart fiskeriregisteret etablert, men det ser ikkje ut til at båten blei registrert her.

I 1920 blei båten tatt over av Reinert Nesheim, Buavåg, Sveio. I juni 1924 seld til Styrk Fjærtoft, Førde i Sunnhordland, og har truleg halde fram i fraktfart. Styrk som var lensmann, var involvert i mange fartøy.

  • 09.02.1934 blei det rapportert at fartøyet hadde totalforlist.

– Første gongen eg reiste på sildefiske var eg 15-16 år, då var eg ferdig med skulegang og hadde fått prestehanda på seg som dei sa den gongen. To-tre år var eg med nokre eldre folk ute i Vedavågen. Me var ikkje så svært langt nordover; eit år låg me nord med Lyngholmen i Sveio, kan henda ein gong på visitt at me rodde til Auklandsvågen og vidare nesten nord med Tittelsnes.

Dette var på vårsildfiske. Me tok ut i slutten på januar, i seinare år venta me til byrjinga av februar, då reiste me utover og samlast med landnøter.

Vakta etter sild

Først gjekk småbåtane med bas og mannskap ut for å vakta etter silda, imens låg notbåtane fortøydde i land. Eg var med på færingen i to år og kanskje vel så det. Alle på laget visste kva dei skulle gjera, og alt måtte gå som smurt.

Notbasen stod akter i båten, i tillegg var me to-tre personar til. Me rodde, såg i kikkerten, drog på lodd, og slo med årane i tollargangane, silda måtte koma opp på dei gamle faste plassene før me byrja å kasta. Det gjaldt å finna fisken som stod nede i sjøen og stenga han inne så fort som råd. Ombord hadde me ein dregg, ei line, kikkerten, blyloddet og «skimlå» med ein tannpip, den blei brukt til å driva inn silda i låsegget. (Skimle: Kvit fjøl eller plate med blysøkke som ein driv ned gjennom sjøen for å jaga fisk, særleg sild, ei viss lei.)

Etter at nota vart «kava» saman på notbåten, hadde ein fangsten i ein pose av nota. Var fangsten stor blei det gjerne nytta «henstandlåsar», då kunne silda stå i den nokså lenge utover, og ein kunne ta opp litt etter kvart.

Storkastet

– Første året kan eg minnast me låg på venstre sida i Mølstrevågen, der inne er ein «dokk« og ein «fadel» dei kallar Haringhålå, det året hadde me ein slupp som han gamle Ingebrigt Larsen, far til dei Lars-ane i Kopervikjå åtte, den båten bar namnet «Velkomen». (Fakta/historikk om båten lenger nede i artikkelen.)

Snart for me søretter til Smørsund og lodda og den dagen gjekk silda til lands! Kvalen kom og jagde og me kunne sjå silda opp i draget, og kvalane for imellom båtane og søkkte seg ned, – eg «totte» det var ganske nifst! Det blei kasta mange nøter, trur dei skjøtte med tre-fire nøter før dei nådde land, då var det storkast farr! Eg veit ikkje kor mange låsar som blei sette, men dei rusa det til 30.000 «kass» alt i alt (1 skjeppe i kvar kasse).

I Haugesund var det på denne tida salting og ising på alle sjøhus og bryggjer i Smedasundet. Dei såkalla «isabåtane» med sild gjekk like til England og Tyskland.

Garnfiske

For dei mange som reiste på garnfiske var det viktig å skaffa seg losji for natta, det kunne vera både i hus og hytter, ifølgje Tollef.

– Det var ikkje så lett å få losji, eg hugsar dei tok inn folk om det så var på kjøkken- og ganggolv, og av og til fekk dei overnatta i løene. Mange hyrte ut dei små skøytene sine, til losji var dei alminnelege til fire-fem mann. Eg var med på garnfiske berre ei lita stund ein vinter, eg kunne fått plassen, men var redd for å fara fram vintersdagen, det kunne vera svært kaldt. Ikkje for det, når me kom ombord så hadde me det godt, sjølv om eg kulsa litt. Men når me fekk kast og byrja med den sjauen der, då fekk me varmen i oss og då fekk me arbeida!

Elles fekk eg vera med og tok opp dei store landnøtene. Me hadde ein mann som koka for oss, – det var greit «sålsen». På ei slarven veka hadde me fem-seks kroner, det skulle me rekna at ein mann kunne leva av. Men når det blei til det at me fiska og at dei rekna til at me kunne få lott då fekk me den attåt.

Dei siste åra slutta eg med desse nøtene, for det var mange av desse grossistane som salta mykje billige sild når fiske slo til. Det blei ei slakke tid, for det blei ikkje utseld på denne saltsilda, dei låg inne på desse sjøhusa med svære lager. Då fisket avtok grov me oss ut til Haugesund og fekk nokre jobbar der av og til – dette var rundt første verdskrig. Eg minnast det var tungt arbeid, avsluttar Tollef Haukås.

Artikkelen er bygd på intervju med Tollef Haukås i 1980. Intervjuar: Arne Harald Welde.

Vestavind gjer merksam på at Tollef Haukås er onkel til journalisten.

Powered by Labrador CMS