nyhende

Rune TeikariPer WathneJohn Kristian ØklandSenterpartiet Ole
Her er bilete frå då dei styrande partia signerte intensjonsavtale på valnatta. Frå venstre: Per Wathne (KrF), Rune Teikari (FrP), John Kristian Økland (H) og Ole Velde (Sp).

På plass etter åtte månadar – sjå styringspartia sine ynske for Sveio

Den politiske plattforma til dei styrande partia i kommunen er gjort offentleg. Sveio skal vera ein «JA»-kommune, løpande barnehageopptak, prioritera ukrainske flyktningar og sikra vedlikehald av Valestrand oppvekstsenter.

Publisert Sist oppdatert

Det har ikkje vore tradisjon for å presentera dei styrande partia sin politiske plattform i Sveio, og difor har ikkje Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti eller Senterparti hatt hastverk med å gjera det.

Ikkje tradisjon i Sveio

Slik forklarar Rune Teikari frå Framstegpartiet kvifor det har gått åtte månadar sidan valet utan at dei har lagt fram noko.

– Det har ikkje vore kultur for omfattande presentasjonar av politiske plattformer i Sveio. Basert på historikken lokalt har me aldri hatt forventingar om, eller fått presentert politiske plattformer, seier Teikari.

Dette stadfestar varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP), som også var varaordførar i forrige posisjon. Vestavind har fleire gonger etterspurt den politiske plattforma, og i slutten av mai var dei endeleg klare for å dela den.

– For oss er dette meir eit arbeidsdokument kor våre eigne folkevalde og medlemmar kan sjå kva me kjem til å jobba med, seier han.

Dokumentet er i to delar, eit politisk program for korleis dei ynskjer å styra, og ein del kor ei rekke konkrete saker vert nemnde. Me har lest i gjennom og her er dei viktigaste sakene.

Politiske mål og konkrete saker

Skulestrukturen kan berre endrast viss lokal FAU sjølv ber om å leggjast ned, flyktningpolitikken skal endrast i favør av bygdene og ukrainske flyktningar, og dei trur god plassering for Fjord Motorpark kan gjera det til ein suksess.

Fitjar kommune var nyleg i riksmedia grunna deira ynske om å prioritera flyktningar frå Ukraina, noko dei fekk mykje kritikk for. På spørsmål om dei følgjer i spora til Fitjar svarar Teikari at det handlar om å nytta ressursar best mogeleg.

– Me er ein kommune med avgrensa ressursar. Då kan me sjå korleis me kan best nytta dei, slik at me kan få mest mogleg ut av dei ressursane me har, seier han.

Fjord Motorpark (FMP) har vore eit pågåande heitt tema med svært delte meiningar. Den siste tida har fleire lesarinnlegg teke til orde for at motorparken ikkje bør leggast ved Paddevegen.

– Det er tidleg i prosessen. Det som har skjedd no er at det er kome inn eit forslag til kommuneplanarbeidet som på eit område kan setjast av til noko slikt. No er det viktig at alle påverka parter vert høyrde. Det er først seinare, når alle fakta er på bordet, at ein vil realitetsbehandle ein konkret plan, seier Teikari.

Program

  • Løpande barnehageopptak – søknadar skal handsamast og innvilgast fortløpande.
  • Valestrand Oppvekstsenter – skal inn på forpliktande plan for vedlikehald av bygningsmasse.
  • Ekrene Vest – Ferdigstilla områdeplan for Ekrene Vest. Vil framskunda kulvert ved Fylkesveg 47 og Rophusveg. Utgreie mogelegheit for tursti som alternativ til sykkel- og gangsti frå Rophus til Vikse skule.
  • Sveio som JA-kommune – Plan- og bygningsloven skal sjåast som ein JA-lov, og vanskelege saker skal få dialogmøte med rettleiing rundt mogelegheiter før eit vedtak fattast. Saker kan verta sende til hovudutval utan innstilling.

Konkrete saker

  • Flyktningar – Ledige skuleplassar og bustader i kommunen, særleg i bygdene, som dei vil undersøka om kan tas betre i bruk til flyktningar. Vil sikra berekraftig integrering, og kjem difor med to punkt:
  1. Sveio kan ta i mot ein avgrensa mengde kvoteflyktningar. Kvota skal setjast inkludert familiegjenforeining for å gje føreseielegheit.
  2. Sveio kan ta imot høgare tal flyktningar frå Ukraina, som krev mindre ressursar og er raskare å integrera i heile kommunen.
  • Fjord Motorpark – positive, men vil ha ein plassering som ikkje lagar unødige konfliktar med naboar eler grunneigarar. Trur motorpark kan verta ein stor suksess for Sveio.
  • Nyskapande aktivitetsanlegg – vil arbeida for å realisere denne og ny idrettshall i løpet av perioden. Samstundes vil dei vera forsiktig med å ikkje ha for mange investeringar på ein gong.
  • Eldretun – vil laga ein plan for korleis å møta behov frå aldrande befolkning, og vurdera mogelegheita for eldretun. Partia er open for fleire stadar i kommunen og kan stilla tomt til disposisjon.
Powered by Labrador CMS